- Vi må setje ein standard, slik at ungdommane skjøner at dei risikerer ei straff. Dishanie Amit Eliassen (til venstre) og Hacer Aydar er aktorar i saka.

Fleire mindreårige ranar med kniv

Seks mindreårige sit i Oslo tingrett tiltala for grove ran. I Oslo har det vore ei auke av straffbare forhold der kniv er involvert.
Torsdag, 14 mars, 2019 - 12:24

– Det er ei omfattande sak, seier aktor Hacer Aydar.

Aydar er aktor i ei omfattande rettssak i Oslo Tingrett. På den andre sida av salen sit seks unge gutar med kvar sin forsvarar. Dei er mellom anna tiltala for ran av tilfeldige menneske på gata. Dommarane kjem inn og set seg. Saka byrjar.


– Vi er langt unna nivået vi har vore på. Vi spør oss meir om kvifor ungdommar er så lovlydige no, seier Heidi Mork Lomell, professor ved Universitetet i Oslo Foto: Miriam Alsvik

Usikkert kvifor dei byrjar med kriminalitet

På institutt for kriminologi ved Universitetet i Oslo forskar dei på ungdomskriminalitet. 

– Det finst ikkje eitt enkelt svar på kvifor ungdommar byrjar med kriminalitet, seier professor Heidi Mork Lomell.

– Men dei må oppnå noko ved å gjere det. Viss dei til dømes har lyst på ein ting, men ikkje har råd til å kjøpe han, vel dei å stele han, trur Lomell.

Ho seier at dei ikkje forskar spesifikt på ungdommar som ranar med kniv. 

Ein rapport laga av Salto, samarbeid mellom Oslo kommune og Oslo politidistrikt, seier at det har vore ei auke i knivran frå 2015 til 2017. Men kriminalitet er i det store bildet framleis på tur nedover.

– Vi er framleis ikkje på same nivå som vi har vore før. Vi spør oss meir om kvifor ungdom er så lovlydige no, seier Lomell.

Fleire straffbare forhold

I det siste har media skrive mange saker om knivran. Nesten kvar dag kan ein lese om hendingar der kniv har vore involvert. Aftenposten skreiv 26. februar at det har vore 44 knivepisodar på 55 dagar i 2019. Mange av dei som brukar kniv, er unge.

Ifølge rapporten til Salto er ran med kniv meir vanleg enn før. Det er også fleire gjengangarar i kriminaliteten enn tidlegare.

“Selv om totaltallet for ran og utpressing i Oslo var lavt i 2017, steg antall straffbare forhold i aldersgruppen 10-17 år.[…]For de under 18 år steg antall forhold i Majorstua krets, og det var i hovedsak gutter i  alderen 15-17 år fra østkanten av Oslo som ble registrert”, heiter det i rapporten.

Fire ran er grove

Av dei seks gutane i rettssaka er fire av dei 17 år, og to er 18 år. Dei var alle mindreårige da dei skal ha gjort dei kriminelle handlingane. Dei skal mellom anna ha stole mobiltelefonar, ein jakke og eit rullebrett. I nokre av rana skal dei ha nytta kniv.

– Saka er svært omfattande. Dei har begått sju ran, der fire av dei er grove, seier aktor Hacer Aydar.

Aydar er aktor saman med Dishanie Amit Eliassen. Dei legg vekt på at offera er tilfeldige menneske, og at dei også er mindreårige.

– Ungdommane skal kunne ferdes trygt, og ikkje vere redde for å bli overfalne, seier Eliassen til Journalen.


Øivind Sterri er forsvarar for den eine 18-åringen som er tiltala i saka. Foto: Miriam Alsvik

Lang ventetid før tiltala

Alle hendingane i tiltala skjedde i løpet av 2017. Men det er først no saka er oppe i retten.

– Vi forsvararane er kritiske til at det har teke så lang tid. Når det gjeld mindreårige, skal det ikkje ta meir enn seks veker frå dei er mistenkte til tiltala kjem. No har det gått eitt og eit halvt år, seier forsvarar Øivind Sterri.

Dersom ungdommane blir dømde, vil dei få strafferabatt fordi det har teke så lang tid.

Rettssaka starta 25. februar, og varer til saman i fire veker.