LIKESINNA: Testansvarleg Trude Williamson og Knut-Eirik Baade er medlemmar i Mensa.

– Det handlar ikkje om matte

Denne veka hadde Mensa Norge IQ-testing for potensielle nye medlemmar. For dei mest intelligente er det god plass i gruppa.
Onsdag, 23 november, 2022 - 11:14

Med i overkant av 2300 medlemmar i Norge og 900 i Oslo er Mensa allereie ei stor gruppe. I gruppa finn du dei med høgast IQ i befolkninga - nærare bestemt topp to prosent. Det er dermed berre ein liten andel som har moglegheit til å verte med i den “eksklusive” gruppa.

– Med over fem millionar menneske i Norge, manglar vi framleis nokre titals tusen, seier testansvarleg Trude Williamson med eit smil.


LETT: Eit døme på ei lett oppgåve i testen. Fasit finn du nedst i saka. FOTO: Bendik Rise

Ikkje mattekunnskapar

Williamson har denne veka arrangert IQ-testar for Mensa på Ullevål Stadion. Sjølv om mange har høyrt om både IQ og Mensa, er det nok ikkje alle som veit nøyaktig kva det er for noko. Det har ho erfart sjølv.

– Mange trur IQ handlar om å vere god i matte, men det er det slett ikkje. Det handlar derimot om evna til å ta til oss informasjon og bearbeide den. Derfor har vi mange medlemmar med ulik bakgrunn og kunnskap. Likevel ser vi nokre fellestrekk blant medlemmane, og det er nysgjerrigheit, openheit og toleranse, seier Williamson.

Den gyldne scoren

For å verte medlem må du gjennom ein IQ-test og score minimum 130. Ein som håper å verte medlem er Olaf Fajerstad. Han var til stades på testinga etter han fekk anbefaling frå ei vennine som allereie er medlem.

– Eg fekk høyre at det var ei veldig bra sosial gruppe, og at det skjer mykje gøy her. I tillegg er eg glad i å prøve nye spel og testar, så dette er perfekt, seier han.


HÅPEFULL: Olaf Fajerstad var éin av seksti deltakarar som prøvde seg på IQ-test. FOTO: Bendik Rise

Fajerstad har forberedt seg ved å ta nokre testar på heimesida til Mensa. Resultatet på sjølve testen får han ikkje før om nokre veker, men han har uansett ei god kjensle etter testen.

– Eg svarte sjølvsikkert på alt, sett vekk frå dei to siste oppgåvene. Så eg håper eg når målet på 130, seier han.


MIDDELS: Eit døme på ei middels vanskeleg oppgåve i testen. FOTO: Bendik Rise

Sosial arena

Med berre to usikre oppgåver er det gode sjansar for nettopp det. Testen består nemleg av 45 figuroppgåver som må løysast på 20 minutt. Deretter vert dei sendt til analyse og deltakarane får sin score på testen. Greier dei det, får dei tilbod om å melde seg inn i Mensa.

– Mange trur at Mensa er at du kan skryte av eit fint medlemskort. Det er for så vidt det også, men det er ikkje det som er poenget. Her får du møte folk du aldri ville ha møtt elles - både folk med like og ulike, seier ein av medlemmane, Knut-Eirik Baade.

Han er mellom anna med på lage arrangement for medlemmane i Oslo, og håper endå fleire vil vere med. Dei arrangerer mellom anna pubkveldar ein gong i veka, brettspelkveldar, museumsturar og julebord. I tillegg har dei interessegrupper på Facebook med alt frå politikk til handarbeid.

– Målet er at ein kan treffe mange likesinna folk som kan lære kvarandre mykje, i tillegg til ein stor sosial arena, seier Baade.

Fasit:

Lett: E. I kvar rad og kolonne er det ein sirkel som held posissjonen og ein anna som flyttar seg 90 grader.

Middels: A. I kvar rad og kolonne er det kryss, firkant, stjerne, fire prikkar og ein liten sirkel.

Emneord: 
Tags: