Fagerborg kirke i Pilestredet. Foto: Bendik Rise

Kyrkja får irettesetjing

Den norske kyrkje henta inn fødselsmeldingar utan tillating.
Tirsdag, 17 januar, 2023 - 14:00

Datatilsynet har sendt ei irettesetjing til Den norske kyrkje etter at fødselsmeldingar frå medlemmar sine barn vart innhenta frå Folkeregisteret etter at tillatinga var opphøyrd. Det melder TV2 i ettermiddag.

Saka starta ifølgje Datatilsynet med ei klage frå Human-Etisk Forbund på vegne av åtte klagarar i 2020. Desse klaga på at borna deira var registrerte i Den norske kyrkje utan at dei visste om det, eller at hadde meldt dei inn i kyrkja. Den norske kyrkje innhenta informasjonen frå Folkeregisteret i halvannan månad etter at tillatinga var opphøyrd. No har Datatilsynet vedteke ei irettesetjing.

– Vi beklager at kyrkja innhenta fødselsmeldingar frå Folkeregisteret i seks veker i 2018 og at informasjonen om korleis fødselsmeldingar vart brukt ikkje var god nok, seier Jan Rune Fagermoen. Han er avdelingsdirektør for HR, utvikling og digitalisering i Kirkerådet.

Fagermoen legg til at irettesetjinga frå Datatilsynet er forventa frå deira side, og at dei ikkje kjem til å klage på vedtaket.

Emneord: