Kontrollerer demokratiet

Kviterussiske valobservatørar ser til at feila frå kommunevalet i 2007 ikkje blir gjentekne.
Mandag, 14 september, 2009 - 19:25


Vallokala på Ellingsrudåsen Skole byrjar sakte å bli fylt opp. Det er duka for eit svært jamt stortingsval, og små marginar kan vera utslagsgjevande for valresultatet. I hjørnet står Anastasiya Matchanka og noterer på eit skjema. Ho sjekkar valavlukka og intervjuar dei som arbeider i vallokalet. 23- åringen frå Kviterussland skal sjå til at stortingsvalet 2009 går rett for seg.

ID- laus stemming

- Eg var med som observatør i Noreg under kommunevalet i 2007. Der avdekka me fleire feil, seier Matchanka.

Under dette valet hende det ofte at stemmeseddelen ikkje vart bretta for å skjula kva parti veljarane stemte på. Den kviterussiske delegasjonen peika på at dette braut med prinsippet om hemmelege val.

- Me skal også sjå etter ”familiestemming”, som er når fleire personar stemmer i same avlukke samstundes. Det skal ha skjedd ved førre val. I tilegg hende det at fleire fekk stemme utan identifikasjonspapir, seier Jau?hien Hradki.

Hradki og Matchanka er to av 12 valobservatørar som sjekkar vallokala i Oslo i dag. Delegasjonar er også send til Bergen, Trondheim og Tromsø. Dei skal observera både under valet i dag og under teljinga i natt. Tysdag klokka tolv vil delegasjonen oppsummera stortingsvalet.

 

 

ID: Valobservatør Jau?hien Hradki ser mellom anna etter om veljarane vert avkrevd identifikasjon. Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Universitet i eksil

Valobservatørane er skulerte frå European Humanities University (EHU) i Vilnius, Litauen. EHU vart oppretta i Minsk i 1992 men vart stengt av Lukasjenko-regimet i 2004.

- Staten grunngav stenginga med tekniske grunnar. Det eigentlege problemet var at universitetet var for uavhengig og liberalt, seier Matchanka. 

Matchanka er utdanna i internasjonal juss frå EHU. I Vilnius vart ho kjend med Svenn Arne Lie, som her arbeidde på den norske ambassaden. Saman starta dei valobservatør- prosjektet som har send delegasjonar til mellom anna Sverige, Georgia, Polen og Litauen. Dei samarbeider med Frank Aarebrot frå Universitetet i Bergen og Swedish Internatonal Liberal Centre, ein organisasjon frå Sverige som arbeider med demokratibistand.

Sterke kontrastar

Kviterussland vert kalla ”Europas siste diktatur” av vesten, og Hradki merka raskt forskjellen mellom Noreg og heimlandet.

- Då me kom her på fredag såg me mange elevar som gjekk i demonstrasjonstog. Dei protesterte i mot nedlegginga av ein skule. Hadde dette vore Kviterussland, så hadde politiet vore på staden med ein gong. Der er det forbode med politisk samling av fleire enn fem menneske på offentleg stad, seier Hradki og smiler oppgjeven.

- Demonstrasjonar blir berre godtekne om dei er for regjeringa, seier Matchanka.

Begge må bu i eksil sidan dei arbeider for demokrati i heimlandet. Denne helga har dei brukt til å kontrollera eit eksisterande demokrati.       

 

Emneord: