Stadig fleire kvinnelege jegerar

Kristin Hansen er en av stadig flere kvinner som velger å gå på jakt. I hennes jaktlag har det aldri vært noe tema at hun er den eneste kvinnen.
Torsdag, 22 oktober, 2009 - 10:16


På kvite trestolar utanfor ”Sørkedalen Landhandel og Cafè” sit jeger Kristin Hansen i sin grøne skogsuniform. Kalde fingrar varmar seg kring eit beger med kaffi, og frostrøyken står rundt ho når ho pratar om elgjakta – eller ”æljjakta” som dei seier i Sørkedalen.

Hansen,  som er rekneskap- og økonomiansvarleg i sambuaren si bedrift, samt vaktmestar på ”Lokalet” i Vestre Aker, er ein av få, men stadig fleire, kvinner som oppdager gledene ved jakt.

I jaktåret 1971/72 var 99,5 prosent av jegerane menn, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Dei same statistikkane syner at seks prosent av alle jegerar var kvinner i jaktåret 2008/09. I Oslo har det vore ei auke i kvinnelege jegerar på 13,2 prosent dei siste to åra.

Positive mannfolk

Hansen drar opp handbrekka, og vi går ut av bilen. Her på skytebana til Sørkedalen Jeger- og Fiskeforening kan jegerane trene på skyting, og ta jegerprøva. Ettermiddagssola ligg lågt over heiane, men rekk ikkje ned i dalen der Kristin set seg på kne, og siktar på reinsdyrfiguren nokre titals-meter lengre framme.

– Dette er ikkje noko kvinnesak. I jaktlaget mitt, som består av meg og fire menn, tenker vi aldri på at eg er kvinne. Eg vart tatt inn i varmen frå første stund.

Kristin hugsar at det var nokre få som var skeptiske då ho tok til i 1992. Men dei fleste var berre nysgjerrige.

– Eg hugsar ein gong det var fare for at ein ”ælj” var skadeskutt. Då måtte eg og bikkja til pers. Vi vassa over elva og fann elgen omlag med eingong.

Nokre av dei eldste mennene hadde reagert litt undrande, og gitt uttrykk for at det var rart at Kristin ville gå på jakt.

– Respekt handlar ikkje om ein er mann eller kvinne, men om ferdigheiter. Men at der er forskjellar på kjønna, er eg ikkje i tvil om. Til dømes er karane i jaktlaget mitt fysisk sterkare enn meg. Slik er det berre.

På den andre sida meiner Hansen at då ho byrja å jakte var ho ikkje flau over å be om hjelp, kanskje i motsetnad til kva ein del mannfolk var, og at dette kanskje kan gje kvinner eit fortrinn når det kjem til ferdigheiter.

Hansen får støtte av veteranjeger, tidlegare formann i Noregs Jeger- og Fiskeforbund (NJFF) og no æresmedlem i same organisasjon, Kari Storstrøm.

Storstrøm, som er delvis pensjonert, byrja med fuglejakt i 1965. Ho seier at også ho fekk mest positive reaksjonar då ho tok til med jakt.

– Dei aller fleste var positive, men då eg sat som einaste kvinne i NJFF sitt styre fekk eg innimellom eit par nasestivara av dei som var ueinige med meg.

Mannfolka var likevel flinke til å trøyste og støtte Storstrøm, og ho kjende seg tidleg som ”ein av gutta”.

Ikkje nøgde med å fòre bikkja

Med den kalde, tunge rifla i armane, pratar Kristin Hansen om hundane sine. Den finske spetsen Jeni er med på småviltjakt, medan den norske elghunden Raissa er med på ”æljjakta”. Det er tydeleg at forholdet til hundane er viktig for Kristin.

– Samkvemmet med jakthundar er akkurat like spanande for oss som for menn. Eg trur nok ein del stell av hundane har falle på kvinner gjennom åra, og kanskje har dette vore ein opning til jakta.

Også Kari Storstrøm trekk fram jakthundar for å forklare at  det vert fleire kvinnelege jegerar.

– Vi er ikkje lengre nøgde med å sitje heim og fòre bikkja, og få rapportar om kor mange ryper mannen har skote. Vi vil òg oppleve naturen.

Utanfor cafèen i Sørkedalen foreslår Hansen at det at økologisk mat er i vinden, og at det på ein måte er blitt moteriktig å hauste av naturen, kanskje kan forklare auka. Men òg at jo vanlegare kvinnelege jegerar blir, jo lettare blir det for dei som ynskjer å byrje med jakt.

– Eg har aldri kjent at eg må fremje min rett til å jakte. Det er det nokon andre som har gjort, lenge før mi tid.

Kvinnesatsing blant jegerar

Kari Storstrøm tenker tilbake på tida ho var einaste kvinne i Noregs Jeger- og Fiskeforbund.

– Vel, ikkje den einaste. Men dei andre var i administrasjonen, eller lagde vaflar, ler ho.

Jegeren er likevel skeptisk til å ha eigne kvinnekontaktar og kvinnegrupper.

– Ein bør kunne inkludere kvinner i det generelle arbeidet og ikkje berre i særskilte grupper.

Fylkeskvinnekontakt i NJFF Oslo fylkeslag, Annette Folkedal, har trua på NJFF si kvinnesatsing. Kvinnekontaktane i organisasjonen vart oppretta for å fange opp dei som ynskjer å byrje med jakt, men som ikkje veit korleis dei skal kome i gong.

Ho meiner at slike kvinneretta tiltak fører til at folk torer å byrje, vert hekta på jakt, og at dette fører til at endå fleire får mot og lyst til å prøve.

Folkedal meiner at denne typen satsing kan skaffe ferske jegerar nettverk, og at mange tykkjer det er lettare å kome i gong saman med likesinna.

– Eg trur mange er redd for å gå inn i eit så mannsdominert miljø, men eg har aldri fått negative reaksjonar frå menn. Ein del av sperrene sit nok i dei ferske jegerane sine eigne hovud.

Jakt som mannleg identitet

Sosiologane Åse Strandbu og Olav Krangemeiner at aktive friluftslivsfolk har vore igjennom ein omfattande sosialiseringsprosess, som startar i barndommen og varer gjennom ungdomstida.

Førsteamanuensis ved Institutt for Idrett- og Friluftsfag ved Høgskulen i Telemark, Alf Odden, meiner også at det ofte er menn som går igjennom desse sosialiseringsprosessene, og at jakt ein form for mannleg identitetsmarkør.

– Menn er i fleirtall og set sitt klåre preg på aktiviteten. I tillegg er ein viss skepsis og nedvurdering av kvinnelege jegerar utbreidd.

Odden meiner dette fører til at kvinnelege jegerar er meir utsett for ekslusjon enn mannlege jegerar. Samstundes som friluftsliv-eksperten talar for å rekruttere kvinner, spør han forsiktig om ein moglegvis må respektere mange menn sin trong for å halde delar av jakta for seg sjølv.

SØRKEDALEN: Kristin Hansen kjem frå ein familie med ein del mannlege jegera, men ville sjølv vere med på moroa. – Det er ikkje sjølve fellinga av dyret som tiltrekker meg, men alt rundt - stemninga, naturen og spaninga. FOTO: Tora Hope

Machojenter?

Veteran Kari Storstrøm meiner vi må respektere at jakt har vore mannsdominert lenge, men at det ikkje tyder at kvinner skal oppføre seg som menn, eller la vere å jakte. Ifølgje henne er den typisk jegerkvinna ikkje ein særskilt maskulin type.

– Ho er glad i friluftsliv, oppteken av levande liv, og skil seg ikkje så veldig frå jegermannen. Kanskje er vi litt mindre opptekne av utbytte, og meir fokuserte på heile opplevinga.

I hundegarden til Kristin Hansen og sambuaren læt opphissa bjeffing. Jeny stråler når Kristin slepp ho ut og helser på ho. Raissa rullar rundt på bakken og brummar som ein bjørn. Hundane hoppar opp og ned og virrar rundt i sirklar, medan frostrøyken ligg som ein dis rundt dei. Jeny vil ikkje posere fint, ho er meir oppteken av Kristin som nett er heimkomen.

– Eg skaut ein elg under jakta i forrige veke. Når eg ser dyret framfor meg i skogen, straumar ei mengd tankar gjennom hovudet mitt medan eg avgjer om eg kan felle dyret eller ikkje. Etter at det er felt tenker eg ikkje ”jippi – eg har skote eit dyr”. Istaden kjenner eg eit slags tungsinn og vørdnad. Kvifor skal eg avgjere at dette dyret ikkje skal leve lenger?

Kristin seier ho snakkar meir om desse kjenslene enn mennene, og kanskje er det den største skilnaden mellom kjønna. Men respekt får ho, uavhengig av kva halvdel av folket ho tilhøyrer.

– Eg er takksam for dei som ein gong stod på barrikadane og brøyta veg for oss, seier jegeren og rufsar bikkjene i pelsen.

Emneord: