Meiner norske soldatar treng eget utval

– Dei ofrar livet medan politikarane seier me ikkje er i krig, seier Erling Borgen.
Tirsdag, 10 november, 2009 - 15:00


Den 60 år gamle journalisten og forfattaren har igjen entra manesjen i mediesirkuset. I kveld lanserar han boka ”Fredsnasjonens hemmeligheter”, der han mellom anna tek til orde for eit uavhengig kontrollorgan for dei norske spesiastyrkene som opererer i Afghanistan.

Frykter amerikanske haldningar

– Eit slikt utval skal vera utnemd av Stortinget, men vera uavhengig av politikarane, seier Borgen.

Som modell nevner han EOS- utvalet, Stortingets kontrollutvalg for etteretnings- overvåknings- og sikkerhetstjenseten.

– Det uroar meg å vita at norske soldatar har sloss side om side med amerikanske soldatar som har stått bak grove krigsforbrytinga. Me treng eit utval som sjekkar treninga og verdigrunnlaget til soldatane, og kva dei faktisk gjer i felten.

Kan ikkje dette truge tryggleiken til soldatane?

– Nei. Ta til dømes EOS-utvalet som kontrollerer dei hemmelege tenestene: ingen har anklaga dei for spionasje, seier Erling Borgen.

– Eg trur dei norske soldatane ville blitt glade for eit slikt kontrollutval. 

Faremo ønsker ikkje utval

Forsvarsminister Grete Faremo seier til nrk.no at eit slikt utval ikkje er nødvendig, sidan all militær verksemd er hennar ansvar, og sidan ho rapporterar til Stortinget.

Finn Sjue, høgskulelektor ved HiO og ekspert på dei hemmelege tenestene, er ikkje enig med Faremo.

- Det held ikkje når Grete Faremo seier at ho rapporterer til Stortinget. Det blir som då regjeringa kontrollerte dei hemmelege tenestene: bukken passar havresekken. Den kontrollen var ein parodi, seier Sjue.

Som journalist har han følgd dei hemmelege tenestene i Noreg gjennom 25 år. 

-  EOS- utvalet har fungert bra. Derfor har eg ei positiv haldning til forslaget frå Borgen.

Han kjenner i dag ikkje til nokon statar som har eit slikt kontrollorgan utpeika av parlamentet.

 

 

Emneord: