Adopsjonsverda i endring

Medan stadig fleire vert godkjende som adoptivforeldre i Norge, aukar interessa for adopsjon i givarland. Det stiller nye krav til norske adopsjonssøkarar.
Mandag, 22 februar, 2010 - 13:33


Dei siste åra har interessa for nasjonal adopsjon auka i mange givarland. Det gjer at færre av dei minste og friske borna vert frigitt for internasjonal adopsjon.

I staden ser ein no ei auke i tal på adopsjonar av born med behov for særskilt støtte.

Kina endrar adopsjonsverkelegheita

Dagleg leiar i Adopsjonsforum, Øystein Gudim, peikar på Kina som ei viktig forklaring til endringane. Mellom 2004 og 2007 sank talet på adopsjonar frå Kina til utlandet med 35 prosent.

Kina vart på 90-talet eit av dei viktigaste givarlanda til Noreg. Landet hadde store mengder små, foreldrelause jenteborn, og stilte lågare krav til adopsjonssøkarar enn andre givarland.

Ventetida var kort, og i Noreg fekk vi ei bølgje av adopsjonar frå Kina. Samstundes auka interessa for å adoptere, og søkarane stod i kø. På verdsbasis var omlag ein av fire adopterte frå Kina.

På 2000-talet vart kinesiske myndigheiter meir kritiske til sin eigen adopsjonspolitikk. Dei endra krava til søkarane, la større vekt på nasjonal adopsjon, og opna for ein meir liberal familiepolitikk.

– Bølgja frå Kina gav norske adoptivsøkarar eit bilete av at foreldrelause born er friske jentebabyar, seier Gudim.

Den same utviklinga skjer mellom anna i Sør-Korea, der talet på adopsjonar til utlandet sank med 44 prosent frå 2004 til 2007.

Samstundes har til dømes Vietnam hatt ei auke på 250 prosent, og Etiopia på 98,5 prosent.

 

 

Øystein Gudim i Adopsjonsforum arbeider for å endre haldningane til adopsjonsøkarar.

Ville adoptere så unge born som mogleg

Hanne og Jostein Klemsdal har vore i Kina to gongar for å hente døtrene sine, Marina (snart 10 år) og Johanna (snart 7 år). Ingen av Klemsdal-jentene kjem i gruppa “born med behov for særskilt støtte”.

Medan Johanna gnafsar i seg ein bolle, fortel Jostein og Hanne at dei begge såg for seg eit lite barn då dei bestemte seg for å adoptere.

Dei fekk eit skjema der dei kunne krysse av for om dei ville adoptere born med behov for særskilt omsorg.

– Då stoppa vi og tenkte. Men når ein står der, framleis utan noko forhold til borna, og faktisk kan velje å få eit friskt barn, kvifor ikkje?

Jostein seier det kan synast egoistisk, men at dei ikkje var klare for den ekstra belastninga det kan vere å adoptere eit barn med behov for særskilt støtte.

Dobling av søknader til Fagleg Utval

Søknader om å adoptere born med behov for særskilt støtte vert handsama i eit spesielt utval, Fagleg Utval. I 2008 gjekk 44 av totalt 489 søknadar gjennom Fagleg Utval, mot 19 av 979 søknadar i 2006.

Når interessa for nasjonal adopsjon aukar, adopsjonsverksemd flyttar til land prega av fattigdom og naud, og nye land vert ramma av naturkatastrofer og krig, vil det i aukande grad vere born med behov for særskilt støtte som blir frigitt for internasjonal adopsjon.

– Alle foreldre ynskjer at borna skal vere friske, og det kan ikkje kritiserast. Men no treng vi ei realitetsorientering i adopsjonsverda, seier Øystein Gudim.

Realitetsorientering av adopsjonsøkarar

Adopsjonsorganisasjonane i Noreg ser at stadig fleire vert interesserte i å adoptere born med behov for særskilt støtte, men framleis er behovet stort.

Teamkoordinator Astri Ødegaard i Verdens Barn meiner at lenger ventetid kan forklare litt av den aukande interessa.

Ødegaard forklarer ventetida som ein modningsprosess, der søkarar som i byrjinga ser for seg ein frisk baby, etterkvart kan endre haldning. Kanskje tenker fleire at dei har ressursane som trengs for å til dømes vere foreldre til eit born med handikap.

–Eg tykkjer norske adopsjonsøkarar er veldig rause, seier Ødegaard.

 

I eit blått rekkehus på Vålerenga bur ein litt spesiell familie.

Manglar i norsk regelverk

Fagleg Utval ynskjer å ha tre familiar å vurdere til kvart barn. Ofte klarer adopsjonsorganisasjonane å skaffe nok søknader, men ikkje alltid.

Øystein Gudim i Adopsjonsforum meiner at myndigheitene nokre gonger er for strenge i godkjenningsprosessen av adoptivforeldre. Familiar som organisasjonane har funne kvalifiserte, har fått avslag i Fagleg Utval. Andre vert møtt med overdreven skepsis til sitt ynskje om å adoptere born med behov for særskilt støtte, ifølgje Gudim.

I 2008 vart Adopsjonsutvalget oppnemnt av Barne-, likestillings-, og inkluderingsdepartementet. Dei gjorde ein grundig gjennomgang av adopsjonspraksis i Norge og verda, og peikte hausten 2009 på det dei meiner er manglar i norsk regelverk og saksbehandling. Adopsjonsutvalet sine forslag skal til høyring i neste veke.

Haldningsendring hjå søkarar

Då Jostein og Hanne Klemsdal avgjorde at dei ville adoptere, var dei begge rundt 30 år. Paret har ikkje tenkt å få fleire born, men trur dei ville hatt andre føresetnader i dag enn for 10 år sidan.

– Dersom vi hadde stått i dei enorme køene no, hadde vi kanskje vore meir tilbøyelege til å adoptere born med behov for særskilt støtte enn vi var den gongen, seier Hanne.

 

Emneord: