Farleg med piggfritt på sommarføre

Fyrste måndag etter andre påskedag skal vinterdekka med piggar byttast ut med sommardekk, men for piggfrie dekk er det ingen restriksjonar.
Onsdag, 27 april, 2011 - 13:39


Å køyre på piggfrie vinterdekk på bare vegar, kan vere farleg. Vinterdekk er meint for minusgrader og snøføre, og dess varmare og barare det blir, di lengre blir bremsestrekninga. Dersom vegen er bar og i tillegg våt, blir denne strekninga ytterlegare forlenga.

- Mange tenkjer på økonomien, og dette går framfor sikkerheita. I staden for å kjøpe nye sommardekk, vel dei å køyre vidare på dei litt slitte piggfrie vinterdekka, seier Jan Ivar Engebretsen, kommunikasjonsrådgjevar i NAF.

Mønster mot vassplaning

Det er mønsteret i dekka som er det avgjerande for kor god gripeevne dekka har på underlaget. Mønsteret kan til dømes hindre vassplaning.

- Mindre mønster i dekka verkar som drenering, og det er avgjerande for å unngå vassplaning, seier Engebretsen, og legg til at vinterdekk ikkje er spesielt laga for drenering.

Farlege høgresvingar

Det er høgresvingar som er den verste fienden til bilistar med piggfrie vinterdekk på sommarføre, spesielt dersom underlaget er vått. Då kan bilane med piggfrie dekk miste grepet tidlegare, og dermed kome over i feil køyrebane.

Til vanleg er regelen for dekkskifte slik at bilistar i Nord-Noreg må ha på sommardekk innan 1. mai. I år kan folket i Sør-Noreg med andre ord skifte ein dag seinare enn nordlendingane.

 

Her er kva folk i Oslo sa om dekkskift på onsdag.

 

Emneord: