Saman om valvake

Både stemninga og spenninga var høg i Rådhusteatret i Ski tysdag kveld. For fyrste gong vart det arrangert felles kommunevalvake for alle parti.
Onsdag, 18 april, 2012 - 10:01


Politiske konkurrentar sat side om side for å få med seg utfallet i eit svært spennande lokalval. Ski kommune og Rådhusteatret stilte med lokale og servering, og resultatet frå førehandsvalet vart vist på storskjerm undervegs.

– Marknadsføringa har vore avgrensa, og me har i staden satsa på jungeltelegrafen, seier dagleg leiar for Rådhusteatret, Håvard Refsdal.

Godt oppmøte synte at strategien verka, og Refsdal sørgde for at valkamp-slitne sjelar fekk dekka behovet for kaffi og ferske vaflar gjennom lange nattetimar og forseinkande systemfeil.

Ny idé

Ved tidlegare val har partia sjølv stått for interne valvaker. Initiativet til ein felles samlingsstad vart tatt før stortingsvalet i 2009.

– Fyrste gong var ambisjonsnivå høgt, med direktesendt radio og opplegg i storsalen, fortel valservice-ansvarleg Ove Kjølstad.

På frivillig basis sørgjer han for å gi dei frammøtte stadige oppdateringar i eit svært spennande kommuneval.

– I år kom førebuingane seint i gang, og me satsar difor på eit noko enklare arrangement.

Tradisjonsrikt

Trass i at valvaka er eit nokså nytt påfunn i Ski, har valservicen lange tradisjonar. Sidan tidleg på 70-talet har SV-ar Robert Pehrson offentleggjort valresultata, lenge før PowerPoint og internett gjorde sitt inntog. Val etter val stilte han med skuletavle, kritt og lommereknar i rådhusfoajéen, der politikarane gjerne stakk innom for siste nytt.

– Opptellinga fann stad ute i kvar valkrins, og me fekk dermed resultata fordelt utover heile kvelden, fortel Pehrson, som også utvikla eit program for prognoseberekning av mandatsfordelinga.

No vert stemmene talt opp sentralt i Rådhuset, og Pehrson meiner noko av spenninga er borte.

– Det var rett og slett meir moro før!

Nyfiken

Fleirtalet av dei oppmøtte på årets valvake var lokalpolitikarar, og både noverande ordførar Georg Stub (H) og ordførarkandidatane Anne Kristine Eikebråten (H) og Amund Kjernlil (Ap) dukka opp. Også vanlege velgjarar var representerte, då arrangementet var offentleg og ope for alle. Asfaq Sadiq og Eva Khan tok turen frå Langhus, trass i at dei sjølv ikkje er aktive innanfor politikken.

– Me har jo stemt, så då må me følgje med på korleis det går, slo Khan fast, før blikket å ny vart retta mot storskjermen.

Emneord: