Skedsmos får stryk i eldreomsorg

Ifølgje ei nasjonal undersøkjing haltar helsetilbodet i Skedsmo kommune. Verst står det til med eldreomsorga.
Mandag, 5 september, 2011 - 15:34


Skedsmo får bunnkarakter i ei ny undersøkjing om helsetilbodet i kommunane gjort av NRK og Kommunal Rapport. I kategorien for sjukeheimsplasser blant eldre får kommunen berre eitt av seks moglege poeng.

Arbeidarpartiets ordførarkandidat Ole Jacob Flæten er ikkje nøgd med resultatet.

– Me ligg jo etter når det kjem til talet på plassar. Eg vil like vel leggje til at tilbodet på plassane me har er av god kvalitet.

Skedsmo er ein av kommunane i landet med størst folkeauke. Flæten nemner dette som ei av dei største utfordringane når det kjem til helsetilbodet. Samtidig opplever kommunen ei eldrebølgje. Det gjer at Akershus universitetssykehus, som er eit samarbeid mellom fleire kommunar, må sende pasientar heim til kommunen tidlegare for å auke kapasiteten.

– Me har stramme budsjett, men like vel har me auka helsebudsjettet med 70 millionar kroner dei siste tre åra, sier Flæten.

Underleg resultat

Helene Hallingstorp, leiar av avdeling for sjukeheimsteneste, tykkjer resultatet av NRK si undersøkjing er underleg.

– Me er vel så opptekne av å styrkje heimesjuketenesta som å skaffe fleire sjukeheimsplassar. Ein må sjå på tilbodet som ein heilskap, ikkje berre på talet på plassane, meiner Hallingstorp.

På spørsmål om Arbeiderpartiet har via helsesektoren nok merksemd svarar ho:

– Ap har jobba beinhardt for å få ned overtidsjobbinga, noko som gir meir pengar til drifta. Men det finst alltid utfordringar trass i kor mykje peng som vert lagt i potten. Eg kunne ønskje politikarane fokuserte på verkelegheita, ikkje på det dei trur er viktig.

Hallingstorp vil auke bemanninga. Særleg trengs det sjukepleiarar. Foto: Marthe Vee

Følgjer for valet

Valforskar Hanne Marthe Narud er usikker på om resultatet kan ha noko å seie for kommunevalet. Ho meiner det fyrst og fremst er brukarar og pårørande som er opptekne av helsespørsmålet.

– Det handlar jo om kva folk syns er viktig. Men dersom dette kjem på dagsorden, kan det ha noko å seie for valet.

Narud tykkjer det er vanskeleg å seie om Arbeidarpartiet vil tape stemmer til andre parti på grunn av helseundersøkjinga.

– Det handlar ikkje berre om skuldsspørsmålet, men også om folk har tillit til at eit maktskifte vil løyse problema framover. Vil til dømes Høgre eller FrP tilby ei betre løysing?

Ikkje berre Skedsmo

Meininga med undersøkjinga var å kartleggje kvaliteten på helsetilbodet i norske kommunar. Resultata er basert på tal kommunane sjølv har meldt inn til Statistisk sentralbyrå. Deretter har kommunane fått ein karakter frå éin til seks.

Oslo-området kjem dårlig ut i ein heilskap. Heile 70 prosent av kommunane i Oslo og Akerhus får karakteren to eller éin.

 

Emneord: