Sjå kva som skjer i Nordisk råd

Det var mange nettbrett å sjå i stortingssalen tysdag ettermiddag. Journalen var på plass for å finne ut kva som skjer når eit av verdas eldste samarbeid møtes.
Onsdag, 30 oktober, 2013 - 13:48


– Kjære, gode vener frå Norden, seier stortingspresident Olemic Thommesen når han ynskjer velkomen til Nordisk råds 65.sesjon.

– Med dei nordiske flagga på stengene utanfor, kjenner eg det som familien er samla.

Lyden av augneblink som vert foreviga overdøyver summen av småprat og latter.

– Dagens Norden er eit lukkeleg hjørne i verda, det skal òg morgondagens Norden vera, held Thommesen fram.

Forstyrringsmoment

I går skreiv Journalen om Karen Ellemann som meinte at ein bør leggje ned Nordisk råd.

Det regionale samarbeidet har vorte ein dyr kaffiklubb, seier ho.

Sjølv om det er langt mellom kaffikoppane i stortingssalen, er forstyrringsmomenta mange.

Med om lag kvart einaste medlem i storsalen fylgjer ein smarttelefon, samt eit nettbrett. Nettaviser og Facebook vinn interessekonkurransen, og talarstolen vert fylgt med eit halvt øyra.

Marit Nybakk, president i Nordisk råd og leiar for haustsesjonen, tek opp debatten som har vore i forkant av sesjonen.

– Dersom det ikkje hadde skapt debatt, ville det vore eit langt geisp, seier ho frå talarstolen, og påpeiker at Nordisk råd er meir dynamisk enn på lenge.

Det er få geisp å sjå i salen, men synlege facebook-logoar er mange.

Nordisk rådTidligere leder for den norske delegasjonen (01.01.12 til 31.12.12) i Nordisk råd, Rigmor Andersen Eide (KrF) syntes Sunnmørsposten var mer interessant enn statsministernes åpningsinnlegg. Foto: Ole Gunnar OnsøienSunnmørsposten

Ein etter ein går Nordens statsministarar på talarstolen. Stutte innlegg om korleis deira eigne land opplever samarbeidet fyller stortingssalen i nesten ein time. Mykje tid vert via til skryt av det nordiske samarbeidet dei er ein del av.

Ventilasjonsanlegget har lagt høva til rette for god konsentrasjon, men distraksjonane vert likevel mange.

Tidlegare leiar for den norske delegasjonen i Nordisk råd, Rigmor Andersen Eide, finn Sunnmørsposten meir interessant under talane.

I Spjelkavik må elevane ta buss til avlastningsskule når Spjelkavik ungdomsskule skal renoverast

Forstår kvarandre

Noregs statsminister, Erna Solberg, ynskjer å styrke Nordisk råd. Samarbeidet har som visjon å betra framtidas Norden, som i dag omfattar heile 25 millionar menneskjer. Danmarks statsminister, Helle Thorning-Schmidt, seier at Norden deler ei felles historie som er grunnlaget for eit sterkt samarbeid.
Thommesen er samd.

– Me forstår kvarandre ikkje berre språkleg, men òg kulturelt. Me forstår kvarandre mellom linjene, seier han i opninga si.

Finlands statsminister, Jyrki Katainen, går på talarstolen. Det vert lagt inn ein liten pause. Dei frammøtte finn fram øyretelefonar som gjev tilgang på tolk.

Emneord: