Fire nye år for FrP i Ullensaker

Etter at alle stemmene er talt opp i Ullensaker kommune kan Thom Staahle (Frp) juble.
Tirsdag, 15 september, 2015 - 00:54


Med borgarleg fleirtal i kommunestyret er det nettopp Thom Staahle som kan tre inn som den nye ordføraren.

Spekulasjonane var store ved årets kommuneval om den nye ordførarkandidaten Thom Staahle ville innfri etter tolv år med Harald Espelund i førarsetet. All tvil vart måndags kveld satt til side til fordel for jubelrus i den borgarlege valvaka på Jessheim.

Eit klart fleirtal Krf og HøggreSAMARBEIDSPARTNARAR: Lise Kragset Furuseth (Krf) og Willy Kvilten (H) ser fram til eit godt samarbeid.

Tross i ein tilbakegong på 6,1 prosent for Frp er det borgarlege fleirtalet i sikre hender. Saman med Høgre og Krf utgjer dei 23 mandat, mot Arbeiderpartiet, SV og Raudt sine 16 mandat. Sjølv om Senterpartiet skulle  slenge seg på eit raudgrønt samarbeid ville ikkje deira to mandat utgjere nokon særleg maktskilnad.

- Eg er så stolt over gjengen som har jobba på med valkamp og rekruttering, seier ein fornøgd Thom  Staahle.

- Det er heilt uverkeleg!

Frp-styre i 16 år Thom StaahleNERVØS: Thom Staahle tør ikkje ta sigeren på forskudd.

Ullensaker kommune har hatt Frp-politikaren Harald Espelund som ordførar i tolv år. Sidan han meddelte at han ville gi seg som ordførar i Ullensaker har det vore mykje snakk om tida var inne for eit maktskifte i kommuna, frå borgarleg til raudgrønt.

Når Thom Staahle no trer inn som Espelunds arvtager i styret, går kommuna inn i endå ei fireårsperiode med Frp.

Ein fornøgd Janka

Ved den raude valvaka på Haven, rett over vegen til den borgarlege valvaka, finn vi Janka Holstad (Ap). Tross i at ho ikkje vert den nye ordføraren i Ullensaker er ho nøgd med utfallet:

- Vi har nådd vårt mål om å bli det største partiet i kommunestyret, seier Holstad.

Ap har nemleg ikkje vore størst sidan 2003. No ser Ap-politikaren fram til forhandlingane.

- Ullensaker Ap har vore klare på at vi kan samarbeide med alle parti utanom eitt, avsluttar ho med eit lurt smil.

Emneord: