Urettferd trigga politisk engasjement

Ho går inn under fleire minoritetsfaktorar: Ung, innvandrar og kvinne. Zuzanna Aleksandra Nogalska (Ap) ynskjer å bli eit friskt pust i Skedsmos kommunestyre.
Mandag, 14 september, 2015 - 23:30


Trigga av urettferd

Ho observerte folk på gata. Såg glade menneske gå side om side med dei som ikkje hadde det godt. Den påfølgjande kjensla av urettferd trigga Zuzanna til å engasjere seg i politikken. No står ho som nummer åtte på Arbeidarpartiet si kandidatliste – i ein alder av 18 år.

Åttandeplassen

Trass i at det ligg til rette for ein plass til Nogalska i kommunestyret, tør ho ikkje seie noko før det heile er avgjort i kveld.

– Eg står jo på andreplass under kumulert, men eg vel å tenkje at eg ikkje kjem inn. Trur eg at eg kjem inn, og ikkje gjer det, kjem det til å kjennast dårleg. Men me har mange i kommunestyret, så sjansane burde eigentleg vere gode, smilar ho.

Ung alder, unge idear

At ho kan verte kommunestyrerepresentant same året som ho er førstegongsveljar, tykkjer Zuzanna Nogalska er ”litt rart, og ganske kult”.

– Eg kjem nok til å ha litt nyare idear enn fleire som kanskje har sete i fleire periodar – eg har jo med meg eit heilt lag med AUF-arar som har mange idear. Alderen min kan truleg gjere at eg blir eit friskt pust i kommunestyret, og kjem med saker som kan ha tyding for ungdom, fortel Nogalska engasjert.

Den tidlege politikk-debuten forstår ho som positiv.

– Jo fleire periodar eg kan sitje, jo meir kan eg utrette, smilar ho.

Open for sjokolade

– Då eg var yngre hugsar eg at eg opplevde rådhuset og politikarane som fjerne – dei satt der i dress og bestemte.

Ho fortel ivrig om nærleiken ho ynskjer til veljarane.

– Eg vil vere ein person ein kan sende problem til på Facebook, eller som ein kan møte over ein sjokolade, for eg likar ikkje kaffi, ler Nogalska.

– Uavhengig av partiprogrammet, vil eg vere open for kva ungdom seier, og ynskjer å vere deira talerøyr i kommunestyret, held ho fram.

Draumen om FN

– Kva for politiske planar har du framover?

– Første målet er å overleve kvelden i dag, og forhåpentlegvis å kome inn i kommunestyret – vere aktiv og engasjert, og kjempe for saker som er viktige for ungdom. Eg vil at dei skal sjå at eg gjer ein skilnad, og ikkje berre sit på møter, svarar Nogalska.

Svaret kjem raskt då me spør om kva hennar ultimate målet er.

– Draumen min er å få jobbe i FN, det hadde vore det beste. Vegen dit er eg derimot ikkje heilt sikker på. Internasjonale studier eller jus – eg prøver framleis å finne ut kva eg vil studere.

Ho held fram:

– Eg håpar at eg berre vaknar ein deg og er der. Men jeg er klar for å legge inn en skikkelig innsats, seier ho.

Emneord: