Får kritikk for "Bølgen"-reportasje

Eit delt PFU meiner VG har opptrådt kritikkverdig
Tirsdag, 27 oktober, 2015 - 13:22


VG publiserte 14. august 2015 ei reklamereportasje med tittelen “En norsk tsunami”. Saka vart klaga inn til Pressens Faglige Utvalg for brot på Vær Varsom-plakatens punkt 2.6: “Svekk aldri det klare skillet mellom journalistikk og reklame. Det skal være åpenbart for publikum hva som er kommersielt innhold (…)”. Utvalet konkluderte med at annonsørinnaldet burde vore tydelegare merka.

Prosjektet “En norsk tsunami” var skrive i samarbeid med Nordisk Film Egmont. Saka framstilte historia om ei vestlandsbygd, kor ei flodbølge drepte 40 menneske i 1934. Reportasjen var produsert i forbinding med premiera på filmen “Bølgen” med same tematikk som teksten.

Ikkje godt nok merka

Klagararen var ein lesar, Hallgeir Lied, som oppfatta at VG-prosjektet ikkje hadde merka det sponsa innhaldet godt nok. Han følte seg “regelrett lurt” av artikkelen, og oppfatta ikkje artikkelen sitt kommersielle aspekt som godt nok opplyst. PFU-saka kan du lese her.

Avviste kritikken

VG avviste brot på god presseskikk, og meinte at saka var merka tydeleg som sponsa innhald, både på front og i sjølve saka. Avisa haldt også fram denne typen innhaldsmarknadsføring som ei viktig inntektskjelde for mediehus framover, og at merkinga var i tråd med standardar elles i bransjen.

Ueinigheit i PFU

– Dette er eit krevjande etisk farvann, opna fungerande PFU-leiar Alexandra Beverjord saka med på dagens møte.

Alexandra Beverjord og Tone Angell Jensen meinte at VG har lagt seg innanfor bransjestandarden for slike tilfelle, og sa at skiljet mellom kommersielt og redaksjonelt innhold er så tydeleg merka at publikum ser skilnad på dette som betalt innhald. Fleirtalet i utvalet slutta seg derimot til sekreteriatet sitt forslag om “kritikkverdig opptreden” frå VG.

PFU vart samde om at VG si forsidehenvisning var ok, men at reklameinnhaldet burde vore tydelegare merka i sjølve saka.

Dommen

“Innhaldet si kobling med den kommersielle oppdragsgjevaren framstår særs utydeleg”, heiter det i den endelege uttalinga. PFU oppfattar ikkje merkinga som tilstrekkeleg iaugefallande. Utvalet meiner difor at det er vanskeleg for lesaren å gjere seg bevisst at det er kommersielt innhald som vert konsumert.

“For å kunne ivareta uavhengigheit og truverd for den frie journalistikken må ein vere særleg varsam med korleis slikt subtilt kommersielt innhald vert presentert”, seier PFU i uttlainga.

VG har altså opptredt kritikkverdig etter VVP sitt punkt 2.6 om ikkje å svekke skiljet mellom reklame og journalistikk.

Emneord: