Rekordmange vil bli blodgjevarar

Røde Kors og Blodbanken opplever rekordstor tilstrømming i oktober.
Onsdag, 28 oktober, 2015 - 15:23

Det har aldri før meldt seg så mange blodgjevarar på ein månad som i noverande månad. Sålangt har over 6400 registrert seg i oktober, og talet aukar kvar dag.

– Sidan me (Røde Kors, journ.anm.) starta ein kampanje i slutten av september, har det meldt seg utruleg mange. Me er veldig nøgde med at så mange har meldt seg, for Noreg treng det, seier Tor Ole Bergan, dagleg leiar i Røde Kors Blodprogram.

Til Blodbanken i Oslo har 433 personar meldt seg berre på nett i oktober. Førre rekord vart sett i juni, kor 261 registrerte seg.

Press på blodbankane

I tillegg til å skaffe blod til avdelingane på sjukehuset, er det også Blodbanken som registrerer alle dei nye blodgjevarane.

– Utfordringa ligg no på Blodbanken, og at dei får registrert alle som melder seg. Det er veldig mange som står i kø no, så det kan nok ta litt tid før dei påmeldte høyrer noko frå Blodbanken. Eg håpar at folk ikkje vert utålmodige, seier Bergan.

– Per no er det 775 som står i kø hjå Blodbanken i Oslo. Me prøver å ikkje la det ta meir enn fire veker før folk får svar, og har no satt opp ekstra krefter for å få fortgang i prosessen, seier overlege Lise Marie Nissen-Meyer ved Seksjon for blodgivning og Blodbanken i Oslo.

Tok valet på HiOA

Lene Land har gitt blod i nesten 3 år, og angrar ikkje.

– Eg hadde tenkt at blodgivning var noko eg hadde lyst til å gjere, men hadde ikkje fått meg til å gjere det. På HiOA hadde Gi Blod ei stand, og då eg såg den, gjekk eg berre bort og sa “eg vil gje blod” – og så kunne de fortelle meg korleis, fortel Land.

– For meg er blodgjevnad ein fin måte bidra på, spesielt når ein veit kor mykje det trengs. Forutan at eg kan få litt vondt i hovudet etter tappinga, ser eg ingen negative ting ved å gje blod, held ho fram.

Ein pause i kvardagen

– Sjukepleiarane er hyggjelege, og tilbyr magasin, mat og drikke. Det heile er over på omlag ein halv time, og eg føler meg godt ivareteke. Blodbanken er alltid veldig takksame, seier Lene Land.

Overlege Nissen-Meyer framhever også viktighetia av at blodgjevarane føler seg ivareteke.

– Dette er jo noko dei gjer frivillig, så me forsøker å sørge for at dei fører seg ivaretekne. Mange føler nok at minutta på Blodbanken er ein liten pause i kvardagen, fortel ho.

Manglar 30.000 blodgjevarar

– Ei utfordring er at det kvart år forsvinn gjevarar. Folk blir eldre, reiser bort, flyttar og liknande. Desse må erstattast, og i tillegg til desse ynskjer fagmiljøet seg fleire gjevarar. No har vi kome et lite stykke på vegen, seier Bergan.

Ved førre årsskifte var det 94.000 blodgjevarar i Noreg. Fagmiljøet si anbefaling er på 125.000, og etterspør ytterlegare 30.000 blodgjevarar for å nå eit ideelt tal for bereiskap.

– Mange pasientar vil ikkje overleve viss dei ikkje får blod. Mange sjukdommar krevjer blod for at pasienten skal bli frisk, og nesten halvparten av det norske blodforbruket går til behandling av kreft, i tillegg til fødslar, ulukker og liknande, seier Bergan.

– Ein kan tenkje at det plutseleg kan vere ein sjølv som treng blod om nokre år, seier overlege Nissen-Meyer om å motivere seg til blodgjeving.

Suksess på sosiale medier

Kampanjeleiar Bergan trekk fram sosiale medier som viktig for tilstraumingssuksessen i oktober.

– At me har brukt eit medium om alle er på, har heilt klart gjort utslaget for kamapanjen. Bodskapen spreier seg, spesielt på Facebook kor ein deler og sender vidare, seier Bergan om kampanjestrategien.

– Me takkar alle nye gjevarar, og forsøker å behandle henvendingane så fort me klarar, seier overlege Nissen-Meyer.

 

Emneord: