Aktivitetskrav har spart NAV millionbeløp

Eit påbod om aktivitet for sjukepengemottakarar har redusert sjukefråveret med ti prosent i Hedmark. Fellesorganisasjonen (FO) meiner tiltaket skjer brukarane over ein kam.
Torsdag, 21 april, 2016 - 16:05


Hedmark fylke hadde eit av dei høgaste sjukefråvera i landet. Etter ei undersøking av langvarige sjukesakar i fylket, kom det fram at systemet hadde store forbetringsmogelegheiter. Det sette i gang eit tiltak for å få sjukmeldte og sosialhjelpsmottakarar i aktivitet.

– Me såg viktigheta av å kome inn i ein tidlig fase for å hindre lange sjukeperiodar kor brukaren får redusert mogelegheita for arbeid enno meir, seier Unni Oustad Torve, spesialfagrådgjevar ved NAV Hedmark.

Redusert sjukefråver

Innsatsen byrja i april 2013, og NAV Hedmark såg raskt resultat av tiltaka. Med ekstra bistand til NAV-kontora, støtte frå legar og kompetanserådgjevarar, såg dei ein betydeleg nedgang i utbetaling av sjukepengar.

– Etter eit år gjekk sjukefråveret i Hedmark ned med om lag ti prosent. I pengar tilsvarar det ei innsparing på 82 millionar kroner, seier ei nøgd Torve.

Aktivitetsplikta går i hovudsak ut på å delvis jobbe på sin opphavlege arbeidsplass. NAV understreker at det er essensielt å dra nytte av dei sjukmelde si restarbeidsevne for å hindre at fleire blir uføre.

– Det er viktig å utnytte det potensialet ein har, anten ein er 60 eller 20 prosent i jobb. Det ligg ei forventning om at ein skal delta så mykje ein kan, seier Unni Oustad Torve.

Torve i NAV Hedmark understreker at innstillinga er viktig.

Nøgd med resultatetUnni Oustad Torve i NAV Hedmark har vore pådrivar for aktivitetsinnføringa i fylket. Foto: NAV Hedmark.– Dei fleste sjukdommar inneber ikkje sengeligging over lang tid. Ei ”kva kan eg gjere på tross av?”-haldning er viktig for å ikkje bli parkert på sjukemeldinga, og utanfor arbeidslivet, for lenge, seier Torve.

Ho legg til:

– Tungtvegande sjukdomstilfeller vil vere unntaket frå hovudregelen om å vere i aktivitet, seier ho.

LES MEIR:
Veit du eigentleg kva NAV er?

Fellesorganisasjonen åtvarar

– Aktivitetsplikt byggjer på ei forståing av at folk ikkje vil jobbe. Sånn er det ikkje, seier Kathrine Haugland Martinsen, leiar for progesjonsrådet for sosionomar i Fellesorganisasjonen (FO).

Martinsen er redd for at det er brukaren, ikkje systemet, som får skulda for at sjukefråveret har vore høgt.

– Det er svært få menneske som ikkje ynskjer å ha ein jobb å gå til, seier Martinsen.

FO meiner det ikkje er strenge plikter som avgjer om mottakarane kjem i arbeid igjen.

– Det er først og fremst systemet som må gjerast noko med. Problemet er at det ikkje har funnest tilstrekkelege arbeids- og praksisplasser tidligare. Dette er ikkje ansvaret til den enkelte til sosialmottakar, seier Martinsen.

Ho trur at sjølve utgangspunktet for tiltaket er feil.

– Det vert feil å døype dette aktivitetsplikt. I staden for å innføre ei aktivitetsplikt for brukarane, vil ei tiltaksplikt for stat og kommune vere det ein treng, seier Kathrine Haugland Martinsen.

– Må baserast på individuell vurdering

Tidlegare hadde ”lov om sosiale tjenester” i NAV eit rom for å oppmode til aktivitet – då basert på ei individuell vurdering. Fellesorganisasjonen reagerer på at dette no har blitt eit generelt krav.

– Å innføre ei aktivitetsplikt som ikkje tek utgangspunkt i ei individuell vurdering, og kor straffa er at du får utbetalt mindre pengar til livsopphold, er svært problematisk. Kravet om aktivitet skjer alle over ein kam, meiner Martinsen i FO. KritiskKathrine Haugland Martinsen i Fellesorganisasjonen meiner det først og fremst er systemet som har skulda. Foto: Pressefoto FO

Ho held fram:

– Eg er ikkje i mot at mottakarane får tilbod om gode aktiviteter, men børa skal ikkje bli lagd på den enkelte brukar, seier ho.

Martinsen trur løysinga ligg i tettare individuell oppfølging frå NAV.

– Godt arbeid i NAV krevjar heller gode, trygge rammer og fleksibilitet for dei tilsette for å kunne følgje opp dei enkelte på ein god måte, seier Martinsen.

Meiner systemendring har skulda

– Fleire kommunar hevdar no at dei har spart mykje pengar ved å innføre aktivitetsplikt. Men dette har ikkje lukkast fordi sosialhjelpsmottakarane endeleg har blitt stilt krav til, men fordi systemet har gitt den oppfølginga dei alltid skulle gjort, seier Martinsen i FO.

– Det er rett og slett eit eksempel på at systemet har skjerpa seg, seier ho.

NAV, på si side, tilbakevisar kritikken om at mottakaren får skulda, og peiker på at det er brukaren det handlar om.

– No er det den sjukmeldte som er hovudpersonen – det er den som tek imot sjukepengar frå NAV, og den som skal fylle vilkåra. Det er heilt naturlig at me henvender oss til den sjukmeldte, seier Unni Oustad Torve i NAV.

Ho visar til at det likevel ikkje berre er mottakaren som sit med ansvaret.

– Andre involverte, som lege og arbeidsgjevar, skal òg gjere sin del av jobben, seier Torve.

Emneord: