Anundsen kallar pressetopp inn på teppet

Kjersti Løken Stavrum (Norsk Presseforbund) har motteke brev om eit møte for å klargjere Anundsen sitt forhold til den frie pressa.
Onsdag, 20 april, 2016 - 10:43


Føresetnaden for innkallinga skal vere kritikken generalsekretæren i Norsk Presseforbund,  Kjersti Løken Stavrum, la fram i eit VG-intervju i mars, kor ho karakteriserer justisministeren si ”dype skepsis til de frie medier” i samband med hans opptreden i eit reklamebilag. Det var Dagbladet som først omtalte denne saka.

Ynskjer oppklaring

Justisminister Anders Anundsen (Frp) meiner Løken Stavrum har misforstått synet hans på pressa, og formålet med møtet ser ut til å skulle vere å klargjere hans forhold til media. Han skriv i brevet at:

«Siden det kan framstå som du har misforstått mitt syn på den frie presse, og du etterlyser en justisminister som skal mene noe annet på dette området enn du tror jeg gjør, ville det være klargjørende å ha et møte om disse forholdene» heiter det i brevet, skriv Dagbladet.

Til Kulturnytt i dag seier Kjersti Løken Stavrum at møtet kan vere ei god anledning til å ta ein prat for å avklare kva dei meiner, men trur at Anundsen sitt kontor vil vere ein lite passande stad for møtet:

– Ut frå formuleringa i brevet har eg sagt til justisministerens kontor at det ikkje er naturleg at denne praten finn stad på kontoret til justisministeren, seier Kjersti Løken Stavrum til NRK.

Refs for ”skrytevideo”

Det er ikkje første gong justisministeren sitt forhold til media vert kritisert. I august 2015 publiserte Justisdepartementet informasjonsvideoen ”Trygghet i hverdagen”, kor Anundsen opnar med å uttrykke sin skepsis ovanfor media sine negative vinklingar. Videoen vart den gongen møtt med kritikk frå fleire hald, mellom anna leiinga i Norsk Redaktørforening.

Emneord: