Asylpolitikken til Frp har breid støtte blant nordmenn

Over halvparten meiner at Frp har for lite innverknad på regjeringa sin innvandringspolitikk
Tirsdag, 26 april, 2016 - 08:28


Den store påverknaden Framstegspartiet (Frp) har på norsk innvandringspolitikk får breid støtte i befolkninga, skriv Dagbladet. I ei undersøking Ispos har utført for Dagbladet, kjem det fram at berre 40 prosent av dei spurte meiner Frp har for mykje innverknad på regjeringa, medan 38 prosent seier Frp sin innverknad er passeleg. 15 prosent skulle gjerne sett Frp med meir makt i asylspørsmålet.

– Folk ser at me har kontroll

Partileiar Siv Jensen og innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug er begge nøgde med resultatet.

– Målinga visar at me har høg tillit. Folk ser at me har kontroll i ein situasjon som er veldig krevjande med aukande migrasjon i Europa, seier Jensen til Dagbladet.

Framstegspartiet meiner undersøkinga visar eit klart fleirtal for asylinnstraminga regjeringa no har lagt fram for Stortinget.

– Dette fortel at mange er einige med politikken me fører på dette området, og at folk er einige i at me er nødt til å gjere grep for å sikre ein bærekraftig innvandrings- og asylpolitikk, seier innvandringsminister Listhaug.

Overraskande

– Det er overraskande mange som meiner at partiet med den strengaste politikken på dette området har for lite eller passe innflyting, seier Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning til Dagbladet.

Bergh meiner òg at funna er påfallande fordi dei visar at andre enn berre Høgre og Frp sine veljarar er tilfredse med påverknaden partiet har.

– På den eine sida har det alltid vore sånn at befolkinga ynskjer ein strengare innvandringspolitikk enn det mange av partia står for. Men det har vore eit skifte i opinionen det siste året som tydeleg kjem Frp til gode, seier Bergh.

I hardt vêr

Samstundes som Frp sin innvandringspolitikk har breid støtte i befolkninga, blir innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug harselert med i sosiale medium etter eit redningsstunt i middelhavet. Natt til i går nådde hendinga USA, kor John Oliver latterleggjorde Listhaug for å hoppe i havet. I sitt show “Last Week Tonight” fekk den norske politikaren gjennomgå for uttalinga om at ho skulle “kjenne på korleis flyktningane har det”. Innslaget kan du sjå på Youtube her.

Emneord: