Diakoniens dag i Oslo

Denne veka var diakonar frå hele landet samla for å feire diakoniens dag og 126-årsdagen til Diakonhjemmet.
Torsdag, 21 april, 2016 - 13:28


Diakoniens dag 20. april var innhaldsrik med danseforestilling, seminar og fleirkulturell gudsteneste i Diakonhjemmets kapell. Deltakarane var engasjerte lyttarar, og dei snakka ivrig saman i kaffe- og tepausane.

- Det er ein sprek 126-åring vi ser, sa administrerande direktør og forstandar Idar Magne Holme i sin velkomsttale.

Seminarhaldarane i løpet av dagen var alt frå diakonar som fortalde om praksisen sin, filosof og seniorforskar i PRIO Henrik Syse og psykologspesialt Judith van der Weele. Tema for dagen var: “Mangfold - en gave og oppgave”.

- Det er viktig å forstå at folk er forskjellige, sa Judith van der Weele.

- Forskjellige folk treng forskjellig behandling, legg van der Weele til.

Diakonens kvardag

Ein diakon går ofte rundt på eit sjukehus, og han/ho liknar litt på ein prest. For diakonar arbeidar ofte som sjukehusprestar, eller dei jobbar i ei forsamling. Dei kan og jobbe med anna sosialt arbeid i kyrkja. Ein ser dei gå rask forbi på sjukehuset til neste pasient, eller neste sjukepleiar som treng ein samtale og gode råd.

Sjukehusdiakon ved Diakonhjemmet sykehus Liv Berit Carlsen fortel:

- Diakonar skal hjelpe folk i situasjonar der dei har mista noko av det kjæraste dei har eller blitt alvorleg sjuke. Diakonar skal hjelpe dei som har spørsmål og treng samtalar i forhold til trua si og sjukdom. 

Diakonar er ofte sjukepleiarar med ekstra utdanning i diakoni, så dei arbeidar ofte som vanlege sjukepleiarar. Bortsett frå at dei ber med seg ein ekstra kompentase og ein anna vinkel på arbeidet sitt. Dei fokuserer på heile mennesket, med ånd, kropp og sjel.

Etisk rådgiving på sjukehus er også ei arbeidsoppgåve mange diakonar har, og dei bistår ofte heile sjukehus. Diakonens oppgåver er mange og store, og varier frå om dei jobbar på sjukehus eller i ei forsamling.

Uansett skal dei vere der for folk som treng nokon, for alle slags folk som treng nokon å snakke med.

Human-Etisk forbund er skeptiske

- Det norske samfunnet blir meir og meir mangfoldig, også når det kjem til religion. Dei tette banda mellom det offentlege og kyrkja kan vere ekskluderande for dei mange nordmenn som ikkje har eit kristent livssyn. Dette seier Lars Petter Helgestad, rådgjevar i livssyn og livssynspolitikk i Human-Etisk forbund.

Humanetisk forbund vil at alle skal få eit godt og likt tilbod i helsevesenet, og foreslår difor at det også skal vere tilgjengelege samtalepartnerar som er livssynsnøytrale og som kan gje meir eksistensielle råd på eit menneskeleg nivå. Humanetisk forbund foreslår også at det går an å ansette samtalepartnerar med andre livssyn, slik at dei som høyrer til andre livssyn enn kristendommen også skal få gode samtalar og råd i forhald til sitt utgongspunkt. Staten skal behandle alle sine borgarar likt.

HER kan du lese kva Humanetisk Forbund meiner om diakonar.

Diakoniens dag

Om du vil sjå korleis diakonane feira dagen sin kan du ta ein titt på denne videoen vi laga frå Diakoniens dag på Diakonhjemmet:

Emneord: