Neda får ikkje kome tilbake

Neda har vore eit av dei mest kjente asylbarna i Noreg, men tidligera denne veka vart det klart at høgsterett avviste familiens anke for å få opphaldstillating.
Torsdag, 21 april, 2016 - 15:07


Neda Ibrahim, mor Rimah, far Said og tre yngre søsken vart sendt tilbake til Jordan i juni 2013 etter å ha oppholdt seg i Noreg i 10 år. Barna har tilbrakt mesteparten av eller heile livet sitt her i Noreg. Støttegruppa “Norge liker Neda. Stans deportasjonen” er opprørt over avgjerda frå Høgsterett, og vidareformidlar familiens sjokk over avslaget. Kari Gellein frå støttegruppa seier det var svært vanskeleg å gje beskjeden til familien: “Vi hadde aldri trudd høgsterett ikkje ville tenkje på barnas beste”.

Neste instans for klage vil være Den europeiske menneskerettsdomstolen, eller eventuelt FN. Familien er svært usikre på kva dei skal gjere vidare, og dei er usikre på om dei i det heile klarer å vurdere å ta saka vidare. Det har allereie gått snart 3 år sidan familien vart sendt til Jordan, og det er lang ventetid hos EMD i Strasbourg.

Treng fortsatt støtte

Kari Gellein seier familien ber oss om å ikkje gløyme barna, og å fortsetje å støtte dei. Ho seier familien hadde budd på gata om det ikkje hadde vore for den økonomiske støtta dei har fått frå Noreg. Den jordanske grensebyen Irbid dei bur i ligg kun 1 mil unna den syriske grensa, og det er eit stort press med flyktningar der. Mor Rimah seier det har vore umogleg å få jobb, for det er så mange menneske som kjem til Irbid.

HER kan du lese kva NRK Rogaland skreiv tidligare i veka.

Emneord: