

NRK-reporter tiltalt for vald og drapstrugslar
Ein ikkje-namngjeven reporter, tilsett i NRK, må møte i Oslo Tingrett for å ha skalla ei kvinne til nasebrot, melder Nettavisen. I følgje tiltalen skal journalisten òg ha truga ein annan person med uttalingar som: ”Kom her, så skal eg ta livet av deg”. Han er tiltalt for brot på to punkt i straffelova: §263 og §273, som høvesvis omhandlar framkalling av alvorleg frykt, og kroppsskade. Strafferamma for sistnemnte lov kan vere opp til seks år. Korkje forsvararen eller reporteren sjølv har villa gje kommentar til media. Leiaren for reporteren si respektive avdeling i NRK seier til Nettavisen at tiltalen er alvorleg, men at vedkommande får halde fram i arbeidet: – Vedkommendes virke i sin avdeling er ikke i konflikt med denne saken. Så frem til retten har behandlet saken, så er han på luften, seier avdelingsleiaren til Nettavisen. Rettssaken startar 9. juni i Oslo Tingrett.
To tiltalepunkt
Vert behandla som personalsak