Rogalands Avis felt i PFU

Avisa er anklaga for å vere eit mikrofonstativ for Odins Soldater. Redaksjonen orsaka, men Sør-Vest Politidistrikt haldt fram med klagen – og vant.
Tirsdag, 26 april, 2016 - 11:30


Sør-Vest politidistrikt meinte Rogalands Avis trykte feilaktige opplysningar om politiet sitt forhold til borgarverngruppa Odins soldater. Bakgrunnen for artikkelen var at SV-politikar i Stavanger, Eirik Faret Sakariassen, hadde anmeldt Odins soldater til politiet.

I artikkelen påsto borgarverngruppa at dei hadde ei “god tone med politiet”, og at politiet difor truleg ikkje kom til å gripe inn i anmeldinga. Dette meinte politiet var feil og burde blitt kontakta om – og klaga saka inn til Pressens Faglige Utvalg (PFU). Politiet fekk medhald på dagens møte.

Opplysningane burde vore kontrollerte

Klagaren, Sør-Vest Politidistrikt, meinte Rogalands Avis hadde brote Vær Varsom-plakatens punkt 3.2 om kontroll av opplysningar og 4.14 om samstundes imøtegåing.

Rogalands Avis seier dei er samde i at politiet skulle fått høve til å svare på opplysningane frå Odins soldater. Avisa visar til at dei i ettertid har gjennomført både eit intervju og publisert eit lesarinnlegg frå politistasjonsjefen, i tillegg til å ha tilbode ei orsaking. Desse kom på trykk 14 dagar seinare.

– Artikkelen er “uakseptabelt einsidig”. Intervjuet og lesarinnlegget retta ikkje fullt ut det presseetiske overtrampet, heiter det i innstillinga frå PFU-sekretariatet.

Utvalet meinte ikkje at Vær Varsom-plakatens 4.14 ikkje var relevant i klagebehandlinga.

Full einigheit i PFU

Utvalet meiner Rogalands Avis burde forstått at sitatet “god dialog med politiet” frå ei omstridt borgarverngruppe burde blitt kontrollert, i medhald av Vær Varsom-plakatens punkt 3.2 om å kontrollere at gitte opplysningar er korrekte.

– Eg tenkjer òg reint journalistisk, ikkje berre etisk, at dette er noko å følgje opp, seier filosof Henrik P. Syse, representant for allmennheita i PFU.

Leiaren i PFU, Alf-Bjarne Johnsen, var òg tydeleg på at politiet skulle blitt kontakta i denne saka.

– Eit breiare kjeldegrunnlag ville gitt Rogalands Avis ei anna pakke med informasjon når dei skulle vurdere korleis dei skulle vinkle artikkelen sin, seier Johnsen.

PFU konkluderte med at Rogalands Avis har brote god presseskikk.

Emneord: