Vårt Land-kommentar frikjent i PFU

Utvalet forsår at klagar føler seg ramma av retorikken, men avisa har ikkje brote god presseskikk.
Tirsdag, 26 april, 2016 - 10:50


I kommentaren “Fars hånd” i Vårt Land frå mars skildrar kommentator Alf Gjøsund sine opplevingar med ein voldeleg far og ein barndom med fysisk avstraffing. Undervegs i kommentaren trekk han inn pastoren Jan-Aage Torp som ein representant for “de som ikke synes litt vold mot born er så farlig”. Dette fekk Torp til å reagere.

Ikkje 4.14-rett

Torp, som klaga inn saken, fekk ikkje medhald i PFU. Pastoren meinte i klagen at journalisten sine beskyldningar var av så grov art at dei utløyste rett til samstundes imøtegåing (VVP 4.14).

Avisa Vårt Land avviste klagen, og meinte at fleire tilgjengelege artiklar, videoinnslag og blogginnlegg synte at dette var meiningar pastoren hadde ytra i den pågåande debatten den siste tida.

– Dei refererte påstandane har vore i det offentlege rom tidlegare, og inneheld ikkje nye sterke påstandar av faktisk art, sa PFU-leiar Alf-Bjarne Johnsen (VG).

– Godt innanfor presseetikken

Utvalet visar til hovudprinsippet om at den som vert anklaga skal få ta til motmæle, men at denne retten er begrensa til sterke påstandar av faktisk art. Dei held òg fram at kommentarsjangeren skal ha takhøgde for ulike karakteristikkar. Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum viste til at “Fars hånd” ikkje innehaldt påstandar av faktisk art.

– Vårt Land er veldig godt innanfor presseetikken, meinte PFU-leiar Johnsen.

Representant for allmennheita, filosof Henrik P. Syse, haldt fram at det var tydeleg kva som var kommentator sine personlege vurderingar.

 – Dette er ein veldig sterk artikkel, som jo først og fremst handlar om skribenten sine personlege opplevingar, kor han sett dei inn i ein debatt, sa Syse.

Minneleg løysing vart avbroten

Før PFU-møtet var Pastor Jan-Aage Torp i utgangspunktet einig med Vårt Land om å få kome med ei orsaking i forbinding med eit intervju. Etter at redaksjonen opplevde at Torp prøvde å styre vinklinga, trakk dei seg frå avtalen, og saken vart tatt opp i PFU.

Emneord: