Studentar på HiOA har blanda kjensler rundt cannabis. Foto: U.S. Fish and Wildlife Service.

5 på gata om cannabis

Legalisering av cannabis er i vinden. Kva meiner studentane rundt dette?
Onsdag, 2 november, 2016 - 13:07

Legalisering av cannabis har og vil alltid vere eit heitt tema. Politiske parti har sterke meiningar rundt dette. Blant anna er FPU, Unge Venstre og Grønn ungdom for legalisering, medan KRFU er i mot.

Unge tankar 

Men kva meiner studentane på HiOA? Journalen har tatt ein prat med nokre av dei. Spørsmål som blei stilt var: Er du for eller mot legalisering av cannabis? Kvifor meiner du som du gjer?  

Vegard Tenfjord har blanda kjensler rundt temaet. 


Har ikkje dårleg tid: Vegard Tenfjord
tenkte nøye gjennom spørsmåla

- Eg har skjønt at cannabis ikkje er så farleg, men det gjer ting med folk på same måte som andre narkotiske stoffer gjer. Difor er eg i mot legalisering av cannabis til vanleg bruk. Det er vist at stoffet kan fungere som medisin, og då meiner eg vi kan få til ein regulering innanfor medisinsk bruk, meiner Tenfjord. 

 

 

 

 

 


Lojal: Jan Andreas Taftø
er trufast til trua si

Jan Andreas Taftø byggjer svaret sitt på religion. 

- Eg er veldig imot legalisering, rett og slett fordi eg er kristen. Det er i mot religionen min, seier han. 

 

 

 

 

 


Ein av dei få som er for: Dominica Carajoko
trur ikkje det vil bli noko problem

Dominica Carajoko frå Tjekkia er open for nye utfordringar. 

- Kvifor ikkje? Eg er ein sosial person, som er med på mykje. Det ville ikkje plaga meg om cannabis blir legalisert. Eg trur ikkje det vil vere så stor forskjell. Dersom me ser på andre land, så har det ikkje skapa større problem. Eg trur det kan fungere bra om Cannabis blir lovleg, seier Dominica. 

 

 

 

 

 

 


Same tankar: Elias Bendtsen og Viktoria Larsen
er einige med kvarandre 

Elias Bendtsen og Viktoria Larsen har ikkje ofra tankane til debatten. 

- Heilt ærleg, så har eg ikkje tenkt så mykje på det, seier Viktoria. 

Begge stiller seg heilt nøytrale til problemstillinga. 

- Det er det samme om det er lovleg eller ikkje, seier Elias. 

Viktoria er einig. 

 

 

 


Klar tale: Stefan Lindforss og Tobias Bjørkqvist
meiner det er nok med eit rusmiddel

Tobias Bjørkqvist og Stefan Lindforss, bandyspelarar på HiOA, er klare i dommen. 

- Vi er i mot. Det er nok med at alkohol er lovleg. Ein treng ikkje eit rusmiddel til. 

 

 

 

 

 

 

I mot på grunn av dei skadelege effekta

Cecilie Landmark, farmasøyt på HiOA, har også meiningar rundt temaet. 

- Eg er i mot cannabis på grunn av dei skadelege effekta som skjer. Spesielt langtidseffekta er såpass skadelege, at berre det i seg sjølv bør stå sterkt nok til å ikkje lovleggjere stoffet, meiner ho. 

Når det gjeld cannabis til medisinsk bruk, er ho litt i tvil.

- Det meiner eg er ein heilt anna debatt, seier Landmark.