Skomakar Tebrizli Memmed Rza meiner det blir spesielt bra for forbrukarane dersom det blir billigare å reparere til dømes sko. (Foto: Lena Jarstad)

Krev momskutt for å få slutt på bruk-og-kast

Ofte lønnar det seg heller å kjøpe nytt, enn å reparere. Fleire miljøorganisasjonar set no press på regjeringa for å få ei endring på dette.
Tirsdag, 26 mars, 2019 - 13:30

– Vi har et bærekraftsproblem. Vi forbrukar meir enn kloden har godt av, seier Agnes Hoshovde Bernes frå Vestland Venstre.

I februar 2018 vedtok Hordaland Venstre, no slått saman til Vestland Venstre, at dei ynskja å gjere det enklare for folk flest å reparere forbruksvarene sine. Ved å kutte momsen og derfor gjere det billegare å reparare og leige utstyr, håpar dei å snu forbrukstrenden. 


Agnes Hoshovde Bernes, ungdomskandidat for Vestland Venstre, meiner vi er nøydde til å ta betre vare på tinga våre. Foto: Yngve Horvei

– Ein må ha ei haldningsendring. Ein må gå over til å reparere meir, føre å kjøpe nytt. Det gjeld for eksempel kvitevarer, elektronikk, møblar, klede og sko. Det kostar jordkloden vår så mykje at vi heile tida kjøper nytt. Den går tom for ressursar, forteller Bernes.

Skal lønne seg å reparere

Framtida i våre hender er ein miljøorganisasjon som lenge har arbeida for å innføre momskutt på reparasjon og utleige. Seniorrådgjevar, Tonje Orsten Kristiansen ser ein openbar økonomisk gevinst for forbrukarane.

– I dag er det slik at reparasjonen ofte er såpass dyr, at det i forhold til levetida til produktet ikkje lønner seg å reparere. Då vel mange å kjøpe nytt, og tar då ei større investering, som ein også tar oftare enn ein elles ville gjort. Forbrukaren vil derfor spare ein del på sikt, ved å få produkta sine til å leve lenger, samt at reparasjonen vert billegare, seier Kristiansen.

 

Meirverdiavgift (mva), også kalla moms, er ein skatt du som forbrukar betalar på nesten alle varer og tenester.

Den generelle satsen er 25%, næringsmidlar 15% og persontransport, kinobilettar, utleige av rom m.m. er 12 %.

Ein betalar ikkje moms på mellom anna helsetenestar, undervisning og diverse kulturarrangement.

Til dømes, kjøper du ein gensar til 400 kroner, går 100 kroner, altså 25%, som meirverdiavgift tilbake til staten.

Kjelde: Skatteetaten

Prisen for tiltaket ligg derimot i statsbudsjettet. Miljøpartiet Dei Grøne støtter òg momskutt på reparasjonar og utleige. I deira alternative statsbudsjett for 2016 foreslo dei å kutte momsen på reparasjon av klede, sko, kjøkkenutstyr og elektronikk. Dette ville ha kosta staten rundt 700 millionar kroner.

Eit steg i riktig retning

Ifølgje FN-sambandet, ville ein trengt 3,4 jordklodar dersom heile verdas befolkning skulle ha same forbruket som nordmenn har i dag.

– Vi i Vesten og i Noreg forbrukar meir enn vi har ressursar til i verda. Det er viktig å fremje tiltak som gjer at folk handlar mindre og meir bærekraftig, slik at samfunnet blir dratt i ei meir bærekraftig retning. Momskutt et eit av mange tiltak vi kan gjere på det området, fortel Tonje Orsten Kristiansen.


Seniorrådgjevar i Framtida i våre hender, Tonje Orsten Kristiansen, forventer konkrete tiltak på momsreduksjon. Foto: Lena Jarstad

Agnes Hoshovde Bernes er også einig i at det må fleire tiltak til for å reversere utsleppa.

– Å fjerne momsen på reparasjonar vil jo ikkje fikse alt sjølvsagt, men det er eit steg i riktig retning.

Svenskane ute først

I 2017 innførte Sverige momsreduksjon på reparasjonar, frå 25 prosent til 12 prosent. Dette gjeld mellom anna tøy, kvitevarer og bilar. Mange nordmenn har derfor tatt turen over grensa for å spare opptil halv pris på å ta reparasjonen der.

Kvifor har ikkje dette skjedd i Noreg endå, når det har skjedd i Sverige?  

– Det er ofte slik, at Sverige går føre. Forslaget er oppe til politisk vurdering, og vi håper saka kjem som eit aktuelt tiltak. Det er noko vi skal følgje opp med regjeringa, og vi forventar oss konkrete tiltak, seier Kristiansen.

Også Vestland Venstre håpar på endring.

– Vi og Unge Venstre skal arbeide for å få gjennomslag for forslaget i Venstre sentralt, også sit jo Venstre i regjering, så forhåpentlegvis blir det endring.
 


På Atrupat på Youngstorget kostar det rundt 600 kr for å reparere en dressko, om ikkje meir. Foto: Lena Jarstad

Høyr kva Tebrizli Memmed Rza, skomakar hos Atrupat på Youngstorget, meiner om momskutt på reparasjonar og utleige.