Rakkarpakk er ei av mange vaksande grupper i folkemusikken. Her under konserten deira "Kvadbad". Foto: Ferdinand Schwarz

Kvedar i badstue

Fredrik Falch frå Riksscena meiner det er eit aukande engasjement for både folkedans og folkemusikk, og seier det handlar om større tilgjengelegheit og at grupper innan folkemusikk har spesielt god driv.
Tirsdag, 6 februar, 2024 - 11:49

I helga var det duka for den årlege Folkedansfestivalen på Riksscena i Oslo. Tre kveldar på rad var det dansefestar i tillegg til dansekonsertar, førestillingar, gratis dansekurs og ein fagdag for folkedansarar. Ifølgje Fredrik Falch, informasjonsleiar på Riksscena, skyl det ei folkedansbølgje over landet.

– Vi har vore med å opna opp for dansen og gjort det meir allment, seier Falch.

– God fart

Også innanfor folkemusikken skjer det mykje for tida. Falch fortel at mange grupper gjer seg gjeldande, og at publikum er meir opne for å plukke musikk ut frå forskjellige sjangrar.

– Musikk er veldig tilgjengeleg, og det er enklare å hoppe frå sjanger til sjanger.

Han trekk fram grupper som Ævestaden og Rakkarpakk som gjer det bra innanfor folkemusikken.

– Dei har god fart og får merksemd for det dei gjer, seier Falch.

Fra fjellturné til Kvadbad

Rakkarpakk består av Martin Steinum Brun, Vera Sonne og Victoria Oftestad, og dei møttest fyrst på Toneheim Folkehøgskule i 2018. Sidan har dei vore på fjellturné, vunne open klasse på Landskappleiken, og den 16. februar slepp dei si fyrste plate. På turnéen i fjellet hadde dei intime konsertar med turgåarar, og det var desse intime møta som inspirerte dei til det som no blir plate.

Intime møter i eit urbant miljø

Desse intime møta frå fjellet fann dei att i badstuer på Oslofjorden, og her har dei hatt konsertar sidan 2022. Dei inviterer publikum til å hive på seg badetøy, sitte saman i badstuer og høyre på musikken deira.


Martin Steinum Brun og Vera Sonne i Rakkarpakk slepp den 16. februar plata Kvadbad, som er spelt inn i badstue på Oslofjorden. Foto: Kjersti Hareland 

– Konsertane går føre seg slik at vi syng tre songar, og så har vi ei lita badepause, tre songar, så badepause og så vidare. Slik får publikum kjennskap til oss ved å kunne snakke med oss i pausane, dette trur vi skapar eit spesielt samhald, seier Martin Steinum Brun.

Det er denne konsertserien som har resultert i plata “Kvadbad” som blir sluppe 16. februar. 

– Folk liker å danse

Vera Sonne frå Rakkarpakk jobbar i baren på Riksscena og kunne fortelje om dansekurs som var stappfulle med ungar som aldri har dansa før i helga.

– Det var mange som aldri hadde dansa før, men som berre hoppa i det, seier ho.

Fredrik Falch kan og fortelje om eit yngre publikum som er på tur inn til Riksscena.

– Alle liker jo å danse, og det sosiale ved dansen har blitt veldig populært.

Emneord: