Kommentar

Aserbajdsjan blir aldri «europeisk»

Ein blir aldri heilt klok på kva dette landet i Kaukasus eigentleg vil, men er det innpass i det moderne Europa som er målet har det framleis ein lang veg å gå. Burde ikkje Noreg vere ein meir aktiv aktør for å demokratisere landet?
Søndag, 13 mai, 2018 - 22:00

Aserbajdsjan, austanfor Europa og vestanfor Asia, sit plassert mitt mellom deira eks-sovjetiske mor, Russland, erkefienden Armenia, det islamske regimet Iran, og Tyrkia, eit land som dei siste åra har hatt ein stadig sterkare dragning mot konservativ islam, og som har ein viktig kulturell påverknad på Aserbajdsjan.

«Slapp av, de treng ikkje vere redde for kriminalitet her. Denne byen er så godt overvaka at ingen vågar å gjere noko gale,» seier fiksaren vår når vi ankjem heimbyen hans, Baku. Ein uttalelse som er meint å vere betryggande, men som eigentleg gjer deg meir merksam på kva land det er snakk om. Overvaking og kontroll av innbyggjarane, samt mengdene med synleg politi i gatene gjer at du ikkje gløymer menneskerettsaktivistane som sitter bak lås og slå i landet.

Mitt besøk til den aserbajdsjanske hovudstaden i vår var for å sjå på landets forhold til musikkonkurransen Eurovision Song Contest. Gjennom intervju med fans og tidlegare deltakarar i konkurransen fekk vi eit innblikk i kvifor det har vore så viktig for dei å vere med i konkurransen: promotering av landet. Slik Samra, deira representant frå 2016 sa: «No veit fleire om Aserbajdsjan. Fleire turister kjem hit.»

Musikkonkurransen var aller mest populær blant befolkninga dei åra dei stadig kniva om topplasseringane, og då dei vann i 2011 og arrangerte i 2012, var interessa på topp. Dei svidde av rekordstore summar på konkurransen, mest som følge av bygginga av ein ny arena: 160 millionar dollar, ifølge nettstaden Eurovision World.

Åpna Eurovision Song Contest for ein ny vår for demokratiet?

 

 

Med heile Europas merksemd retta mot det vesle Kaukasus-landet, gjorde menneskerettsaktivistar sin jobb med å dytte dei sosiale problema i landet ut i søkelyset. Var dette tida for ein ny vår for demokratiet? Skulle vestlege media endeleg få punktert det diktatoriske vakumet?

 

Nei. Så snart musikkonkurransen var over, og den europeiske pressa drog heim, starta lukkinga av regimet på nytt. Aktivistar og regimekritiske journalistar vert forfulgte, truga og fengsla som aldri før. Dei som hadde prøvd å nytte det europeiske besøket til å spreie «feilinformasjon» om landet sitt, skulle straffast.

Presidenten Ilham Alijev har sittet med makta sidan 2003, etter å ha tatt over etter faren, og sitter no stødigare enn nokon gong før: 

Alijev vann det framskunda valet i april med 80 prosent av stemmene. Han hausta lovord frå blant anna den russiske presidenten Vladimir Putin i etterkant av sigeren. Valet vart sett på som ei farse frå opposisjonens side, og Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa (OSSE) påpeika fleire brot på prosedyrer, mangel på openheit og ei rekke alvorlege uregelmessigheiter.

Dette burde ikkje komme som noko sjokk på nokon. Presidentens makt og tillit har blitt styrka dei siste åra takka vere ein stadig straum av oljepengar til statskassa.

Landet har basert sin økonomi på olje og gass, og var blant dei aller første i verda til å utvinne fossilt brennstoff. Dette har posisjonert landet strategisk til som ein viktig plan B dersom Russland på eit eller anna tidspunkt skulle ønske å stoppe gasskranene sine til Europa, og EU.

 

Statoil fornya kontrakta si i Aserbajdsjan etter 25 år i landet, med nye 25 år. At store internasjonale selskaper ikkje nyttar sin økonomiske makt til å signalisere til regimer at «nok er nok» er forkasteleg. Her burde Statoil kjenne på sitt samfunnsansvar, men la oss vere realistiske: «money talks». Aftenposten skreiv 11. mai 2009 at Sikkerhetspolitisk råd har hatt store betenkelegheiter kring samfunnsrelaterte, menneskerettslege og geopolitiske sider ved norske investeringar i Aserbajdsjan.

I starten skal desse investeringane ha blitt begrunna med at dei ville kunne bidra med auka vekt på menneskerettar. Skal ein tru den interne rapporten til Utanrikspolitisk utvalg går utviklinga i landet i feil retning.

La oss vere realistiske: «money talks».

 

Samtidig som pengane renner inn, formeleg gror det opp stadig nye, spektakulære bygningar i den Aserbajdsjanske hovudstaden. Lokale taxisjåførar samanlikna Bakus utvikling med Dubai. Det er også eit pågåande prosjekt å erstatte alle bygningar frå sovjettida, for å gi landet ein ny start.

Her brukar staten enorme summar for å få innbyggjarane til å gå med på det, gjennom å tilby nye bustadar. Det kan dermed virke som at landets ønske om ein eigen identitet er tilstade, men kva retning går det no mot? Diverre ser det ikkje ut til at ønsket om å gå i ein demokratisk, europeisk retning lenger er ønsket, så lenge landet får det dei ønsker frå vesten: oljeinvesteringar.