Kommentar

Verdskjempe med vaksesmerter

Medan verdas største land har utvikla seg i rekordfart, har kulturen mista noko på vegen.
Mandag, 14 mai, 2018 - 01:40

Kina er eit land kor ting skjer raskt. Ikkje berre går jernbanen opp til 350 kilometer i timen, men også den økonomiske utviklinga har vakse i rekordfart sidan syttitalet. Då Deng Xiaoping opna Kina sin kommunistiske planøkonomi for verdsmarknaden i 1978, starta det som blei den raskaste utviklinga eit land nokon gong har hatt, ifølgje økonomiprofessor Xiaodong Zhu ved Universitetet i Toronto.

Fram til for få år sidan vaks Kinas økonomi med ti prosent i året. Noreg har samstundes auka med mellom to og tre prosent, ifølgje E24.no.

Den vanlege kinesar har på same tid fått meir pengar mellom hendene. Landet som tidlegare besto av 60 prosent gardbrukarar, fekk stor industri som sysselsette millionar av menneske. “Made in China” blei trykt på produkt som no blei selt til heile verda.

Den tidlegare kommunistiske likskapen fekk smutthòl: Brått kunne forretningsfolk og leiarar tene seg rike på den internasjonale marknaden. Når ein har gått frå å for 15 år sidan ikkje ha dusj heime, til over natta å flytte inn i toppleilegheit med utsikt, kva skjer då med eit folk?

Eitt utslag har ein kunna sjå ved landets offentlege toalett. Framleis i tankesettet frå då “Midtens rike” var fattig, har eldre kinesarar stole med seg store mengdar toalettpapir i veska. Dei skal spare pengar, og bruke det heime. I fjor gjekk det så langt at fleire toalett ved dei store turistattraksjonane i Beijing installerte kameraovervaking. Papirdispenseren vart utstyrt med ein sensor som ga ut ei gitt mengd toalettpapir og tok bilete av mottakaren – som då ikkje kunne få meir papir den neste timen.

Køane i Kina eit anna døme. For å kome seg fram til målet, har det ellers så kommunistisk kontrollerte landet eit anarkistisk frislepp. Dytting, sniking og dobbeltspel er “naudsynt” for å kome seg nokon veg. For i landet med 1,3 milliardar menneske, er det kvar mann og kvinne for seg sjølv. Trass i at kommunismen har samla flokken, er det framleis den sterkaste sin rett som rår.

Trass i at kommunismen har samla flokken, er det framleis den sterkaste sin rett som rår.

Korleis kan ein byrje å endre ein “ukultur” om ein blir overkøyrd i forsøket? Kvifor følgje eit “riktig” køsystem som gjer at du aldri kjem fram sjølv? Mellom det regulerte likskapssamfunnet og den meir frislepte marknaden, manglar eit modningsstadium. Samtida har utvikla seg for raskt for folkesjela.

Der kor dei eldre såvidt har hatt tid til å kjøpe ny lommebok i overgangen frå gardsinntekt til aksjekjøp, og framleis lever som om Kina er fattig, har dei unge stupt inn i ei digital samtid ingen har kunna føresjå. Mobilfunksjonen Wechat vitnar om ei ny samfunnsførsle. Den grøne applikasjonen har blitt definisjonen på ein telefon i Kina; med bankkort, meldingschat, biletdeling og matfrakt-funksjon (à la Foodora) i eitt.

Snart innfører også staten offentleg ID-dokumentasjon på Wechat. Alle i Kina sluttar opp om tenesta – og Facebook blir ståande som ei pingle i forhold.

“Wechat er verkeleg alt. Du anar ikkje kor mykje Wechat betyr for folk”, seier ein ung kinesar. Han vaks opp med å reise til symjehallen for å dusje, men eig no fleire eigne dansestudio. I overgangen mellom fattig og rik – den er han ikkje er åleine om – meiner han noko har gått tapt i den kinesiske kulturen.

For medan teknologien har blitt utvikla, har ikkje unge kinesarar hatt rettleiarar til å gå skritta først. Mange føresette var bønder eller fabrikkarbeidarar, og hadde korkje råd til eller tilgang på dyr teknologi frå starten. Mangelen på førebilete har gjort ungdomsgenerasjonen til dei første brukarane, og teknologien har blitt nytta samstundes som den er blitt laga.

Ein har ikkje rekt å analysere konsekvensane før tenesta er godt innarbeidd, og kinesiske myndigheiter allereie har strama eit godt, statleg grep om Wechat. Kommunistpartiet har eigarandelar i appen og har blitt anklaga for å ha overvaka folk sine meldingsutvekslingar.

I dette utviklings-tomrommet – dette manglande modningsstadiet – har fenomenet “sjølvmediar” oppstått. Unge som ikkje er vane med mediekonsum frå tidlegare, har byrja å bruke enkeltpersonar som sine nyheitskjelder. “Influencers”, som tidlegare journalistar, meldarar eller bransjefolk, sender ut eigenlaga reportasjar i Wechat-straumen.

Unge som ikkje er vane med mediekonsum frå tidlegare, har byrja å bruke enkeltpersonar som sine nyheitskjelder.

Millionar av menneske les historiene med éin avsendar. Sjølv om dei tradisjonelle media òg har vore, og er, sensurerte, kan denne svekkinga av kjeldekritikk og faktasjekk potensielt bli enno eit demokratisk problem. I vår post-faktuelle tidsalder opnar dette for spreiing av falske nyheiter og ein aksept av enkeltpersonar si formidling som sanning.

Den kulturelle danninga har òg måtta vike i landets omveltning. “Why aren’t Chinese people reading books anymore?” laud ei overskrift i tidsskriftet The Atlantic i 2013. Svaret er fleirfaldig. Éin grunn kan vere teknologien, som slukte den unge generasjonen før dei estetiske opplevingane vart stadfest som verdifulle. Ein annan kan vere prestasjonsorienteringa det kinesiske skulesystemet har fått, parallelt med landets suksess.

Skular vert vurderte ut frå poeng, ikkje refleksjonsevne. Å lese bøker gjev ikkje elevane poeng til å kome inn på dei beste universiteta – det gjer derimot debattklubbar, sportsprestasjonar og musikalske talent. I landet kor ein må vere best for å kome fram, vert all vaken tid brukt på å samle seg skulepoeng. Dei unge har fått spisse albogar og lite trykksverte på fingrane.

Kommunismen har, på ei side, kanskje vore føresetnaden for denne lynraske utviklinga. Å setje i gong politiske reformar i verdas største land framstår effektivt med staten som pådrivar. På den annan side har den kinesiske regjeringa fått ein finger – eller arm – med i spelet.

Folket er prisgitt det staten slepp igjennom. 40 år med lynrask utvikling har etterlete Kina som ein tenåring med vaksesmerter. Farten har transportert landet forbi danningsstadiet, og i modninga mellom fattig og rik er det no eit tomrom. Dette rommet har opna for sensur, statleg eigarskap, mindre kulturell omgang og ei tidvis ufin folkeførsle.

Den valdsame utviklinga ser likevel ut til å ha nådd ein topp. Då Folkekongressen i Kina møttest tidlegare i år, justerte den lovgjevande forsamlinga målet om vekst ned til “berre” 6,5 prosent for året som kjem. Kanskje blir tida framover perioden kor kulturen tek att utviklinga, og folket rekker å stoppe opp – for å tenkje på kva for samfunn ein vil ha, og som er bærekraftig for å halde seg på toppen av verda.