– Akkurat no er trekkspel det einaste som funkar

I følgje musikkprofessor Jon-Roar Bjørkvold kan musikk vere einaste redning i krisetider.
Torsdag, 12 november, 2009 - 15:25


– Eg er audmjuk nok til å seie at Olsenfestivalen ikkje akkurat er stor, seier festivalleiar Kjersti Tubaas til Journalen. Men særleg større skal han heller ikkje verta, skal me tru ho.

Det stemmer godt med antall oppmøtte på professor Jon-Roar Bjørkvolds foredrag om musikk og krise i Marmorhallen, DnB Nors lokaler i Kirkegata. Ei knippe militærkledde, ei handfull journalistar og eit snes andre let seg underhalde av musikkprofessor Bjørkvold. Den kvite buskebarten hevar og senkar seg, Bjørkvold går opp i fistel, knyttar nevane, stampar med tjukke skosålar.

Engasjement og emergens

Det dreier seg om engasjement og det uforklarlege, om menneska og musikk, samspelet som veks fram i møtet mellom desse; det dreier seg om korleis musikken kan brukast på andre måtar enn vi er vande med frå kvardagen, til dømes som terapi. Musikkporfessoren meiner musikken røyrer ved noko djupt i menneska som berre musikk kan røyre ved. Bjørkvold snakkar om emergens, om noko som bryt fram i mennesket som ikkje kan argumenteres logisk for, eit potensiale som fins i alle menneske.

– Emergens er vona som ligg der og kan bli brakt til samspel. Det startar i mors mage. Mor som syng voggesong for bornet sitt. Det er ikkje orda som gler bornet, men rytmen – musikken. Det er rein rus! seier Bjørkvold, og slår ut med armane.

Ei musikkreise

Professor Bjørkvold spelar Trollmors voggesang og symfoniar av russiske Sjostakovitsj for dei frammøtte og leiar oss gjennom musikken:

– Her kjem motoffensiven og HØYR SÅ! DUR – VON! Og no unisonorkester – VENDEPUNKTET! Så… kampen er over, berre ein solofagott att, kviskrar Bjørkvold.

Musikken ljomar, kryp oppetter dei kvitmåla pilastrane og avtar ikkje før han når gullkapitelane. Hadde me ikkje vore i ein hall av marmor er det mogleg at veggane ville brista.

– Musikk er makt, seier Tubaas.

Musikkens rolle

– Og poenget med dette, med foredrag om det musiske mennesket og musikkens rolle i  krisetider?

– Eg brukar å seie at musikk er det fyrste me møter, og det siste me mistar. Både livet og musikken startar og sluttar samstundes; startar med eit innpust, sluttar med eit utpust, seier professoren, og forsett:

– Musikken er så viktig gjennom heile livet for eit menneske. For å knyte og bryte band.

Som døme trekkjer han fram korleis musikk og song er dét som bind mor og spedbornet saman, og korleis mange som ungdom velgjer å bryte dette bandet gjennom musikk. Dette er óg krisetider, meiner han. Og musikken er avgjerande.

Bjørkvolds anekdoter om musikk i eigne krisetider vekkjer storstilt latter i hallen. Den utagerende veivinga med armane og brølinga gjer poenget klart: Her utspeler det seg ei krise. Og krisa taklas, nettopp, med musikk.

– Eg har spurd mange som har vore i ei krise kva dei gjorde når dei sto midt oppi krisa. Eg har ikkje tall på kor mange gonger eg har fått svaret: ”Eg song”. Musikken grip tak i eit potensiale i oss, får det til å vekse, fortsett Bjørkvold.

For musikkprofessoren er musikk von; utan musikk inga von:

– Musikk i krise gjer von! Musikk er makt, musikk mobiliserer, skapar identitet. Sjå berre på musikk brukt i krig. Hitler brukar trommer då han invaderer Leningrad i 1941, trommer som høyres langt unna. Som kjem taktfast nærare. Russarane skal kjenne seg invadert!

Olsenfestivalen 09

Olsenfestivalen handlar om musikk. Om militær musikk, Forsvarets musikk. Mellom 12. og 15. november arrangeres Olsenfestivalen for andre gong i Kvadraturen ved Akershus festning i Oslo. Festivalen kan freiste med seksten arrangement over fire dagar, både foredrag, konsertar og andre hendingar.

I følgje festivalleiar Tubaas er Bjørkvold den beste til å snakke om musikk i Noreg. Derfor står han no Marmorhallen denna torsdag føremiddagen og snakkar om musikk og krise.

– Bjørkvold er den einaste i Norge som hentar musikken ned, ned til røtene, til basic. Korleis musikken startar og verkar i mennesket, seier ho.

Aktualiteten i årets festival ligg i krisa. Kriser som rammer oss menneske, no som alltid. Men dette er ikkje det primære føremålet med festivalen:

– Olsenfestivalen, oppkald etter Forsvarets musikks fyrste sjef, handlar hovedsakleg om gode konsertar, men og om å avlive myta om at musikk berre er marsj. Militær musikk er så allsidig, og det ynskjer vi å vise med Olsenfestivalen, seier Tubaas.

Som eksempel på dette trekkjer ho fram at både Dance With a Stranger og Olsenbanden Junior held konsertar i helga.

– For meg er militærmusikk rock’n’roll! utbryt Tubaas.

Billie Holiday

Bjørkvold gjer seg ferdig i Marmorhallen. Han avsluttar med eit videoopptak av ei av Billie Holidays siste konsertar. Professoren meiner Holiday eit eksempel på korleis musikk kan verke som ei livbøyge for menneske i krise.

– Ein syng i desperasjon. Ein syng når ein er redd. Musikk kan redde eit menneske. I krisesituasjonar vil songen og musikken mobilisere mennesket til å komme gjennom krisa, seier Bjørkvold alvorleg.

Professor Bjørkvold legg eit bilete av ein liten gut på overheaden og samler saman dei øvrige overheadarka. Ved sida syng Billie Holiday:

”My man don’t love me,

He treats me oh so mean.

He’s the lowest man

I’ve ever seen”

– Ho er i krise. DER vart ho redda, seier Bjørklund, og siktar til musikken ho skapar.

Tags: