Englane blant oss

Den nye filmen ”Engelen” skildrar dophelvete i Oslo. Journalen bad ekspertane om å anmelda filmen.
Torsdag, 12 november, 2009 - 15:05


– Ungdommar som går opp gata her treff folk som seier ”kjøp ein tablett, det er ikkje farlig”. Eg håper og trur at filmen kan hindra at ungdom begynner med dop.

Richard Johannesen ser opp, smiler. Han er seljar for gatemagasinet =Oslo for femte året.

“Fin, men brutal”

”Noen mennesker er så vakre at de blir syke av det.” Slik opnar Margreth Olin filmen ”Engelen”. Menneska ho snakker om, ser me kvar dag på veg til jobb eller skule. Ofte lutrygga, rastlause eller slått ut av rusen. ”Engelen” skildrar korleis Lea må gje frå seg råderetten over eigen kropp for å få pengar til heroin.  

– Det var ein kjempefin film. Men den var brutal. Det var tøft å sjå då stefaren til Lea banka opp mora hennar. Eg såg også korleis rusen fekk Lea til å gløyma sitt eige born, seier Richard. 

Han er ferdig med å selja magasin for dagen, og kan no ta seg ein velfortent kaffikopp i salslokala til =Oslo. Mange av kollegaane hans er hekta på heroin. Sjølv har han aldri prøvd stoffet.

– Filmen gjer at eg føler eg at eg forstår korleis dei har det. Eg ser kor lett det er å starta, og kor vanskelig det er å slutta, seier Richard, tenker seg om.

– Eg gjev filmen terningkast fem.

Camilla Svingen mener at filmen kunne vært enda mer virkelighetsnær. Foto: Markus Aarstad/Journalen

Skitten realisme

Filmen ”Engelen” har fått stor merksemd etter premieren 1. oktober. Filmen baserer seg på ein dokumentar som Margreth Olin laga om hennar narkomane veninne Pia. Olin har sagt til Aftenposten at hennar mål med filmen er at ”Pia og de andre rushavhengige skal oppleve det som at det er sant.” Distribusjonsansvarleg for =Oslo, Camilla Svingen, trur Olin kunne ha vore tøffare med kinopublikummet.

– Mange av seljarane meiner at filmen kunne ha vore enno meir realistisk, seier Camilla. Ho har teke med 20 av seljarane med på filmvisningar av ”Engelen”. 

– Seljarane våre har levd i verkelegheita som filmen skildrar. Mange har måtte prostituera seg for å kunne kjøpa narkotika. Målet er at gjennom å selja  =Oslo skal dei sleppa å gjera slikt, seier Camilla. Ho håpar at filmen gjer at vanlege folk får meir kunnskap og forståing rundt temaet.

– Eg håpar at dei ser at det ikkje alltid er dei rusavhengige som tek valet om å bli avhengige.

 

Filmplakaten Maria Bonnevie signerte til =Oslo. Foto: Markus Aarstad/Journalen

 

Engelen (2009)

Regissert av Margreth Olin.

I utgangspunktet ville Olin laga ein dokumentarfilm om narkomane Pia.

Etter to år med  filming vart Pia rusfri, og Olin ønska ikkje å eksponera henne.

Slik kom ”Engelen” til, ein spelefilm med Maria Bonnevie i hovudrolla.

Tags: