Rørleg og rørande samtidskunst

Åtte damer fyller frå laurdag 23. januar romma i Museet for samtidskunsts første etasje i utstillinga "Stir heart – urolig hjerte. Kvinner som beveger kunsten I".
Tirsdag, 26 januar, 2010 - 12:06


Den tidlegare Noregs Bank-bygninga, som husar Museet for samtidskunst enda ei beite, ruvar strengt mot dei kvite omgjevnadene. Richard Serras skulptur Shaft helsar stivt dei besøkande.

Innafor er belysninga dunkel og kald. Musikk høyres som om kom han frå fangehol ein stad i det store, staute museet. Musikken kjem frå det mørke rommet til venstre og ikkje frå den store, lyse Banksalen med sine gylne pilastre og glastak som openbarer seg på høgre side. Ein plakett fortel deg at du no på eit vis er inne i sveitsiske Pipilotti Rists videoinstallasjon. Musikken som drog deg inn dit har Anders Guggisberg laga.   

Ein vert litt ustø her inne i Rists installasjon. To videoar kjempar om merksemda di. Ei blodappelsin vert slukt, raude skor hoppar på asfalten, du vert teke med på ei reise inne i kroppen. Dei dinglande plastobjekta som heng frå taket lagar skugge på veggen. Desse verkar forankrande og tinglege i det elles så rørlege rommet.

Sjå videoklipp frå utstillinga her.

Urolege hjarte

Det er frå dette verket utstillinga har henta namnet sitt frå. Rists videoinstallasjon frå 2004 heiter nemleg Stir heart, rinse heart og samanfattar på mange måtar kva denne utstillinga dreier seg om: urolege hjarte; dei åtte damenes urolege hjarte som talar til betraktarens urolege hjarte. Det utspelar seg eit møte mellom urolege hjarte inne på Museet for samtidskunst akkurat no, og ditt eiga hjarte får slettes ikkje vere i fred.

Det er fyrste gong Nasjonalmuseet viser berre kvinner i ei så stor samlingspresentasjon. Men forbunde med det er ei openbar fare:

– Det er mindre ei feministisk gruppeutstilling enn ein presentasjon av åtte kunstnarar. Såleis vert det ei kontroversiell utstilling; det er utfordrande å finne balansegangen mellom kvinnelege kunstnarar og såkalla ”kvinnekunst”, seier seniorkurator Andrea Kroksnes.

Kvinnekunst?

Tradisjonelt har ein rekna kunst laga av kvinner som særleg emosjonell medan mannleg kunst er intellektuell. Denne stereotype oppfatninga er i vår tid på vikande front, men har vist seg å ha grodd sterke røter og vanskeleg å rykke opp.

I staden for å vise kvinnelege og mannelge kunstnarar side og side i ei utstilling, kan ein strategi, dersom ein vil desse ideane til livs, vere å sette kvinnelege kunstnarar opp mot kvarandre. Kurator Randi Godø er av denne oppfatninga:

– Me ønskjer å vise ei bredde gjennom å samanstille desse åtte kunstnarane. Ikkje berre for å vise kva vi har av kvinneleg samtidskunst i samlinga, men òg fordi desse er synlege og tydlege på samtidskunstscena. Dei viser ein stor variasjon sjølv om mykje er videobasert. Nokon verk er politiske, andre kroppslege, feministiske eller meir abstraherte, seier Godø.

Sjølvmotseiande

Det vert noko sjølvmotsigande med det å fokusere på ei utstilling med berre kvinnelege kunstnarar og ikkje skulle fokusere på dei som kvinner. Dei er ”tilfeldigvis” kvinner, men hadde ikkje vore ein del av utstillinga hadde dei vore menn. Pressekontakt ved Nasjonalmuseet, Elise Lund, ser utfordringa i dette:

– Hadde det kan hende vert betre å ha ei utstilling der ingen av verka var merka med namn? Ville ein da kunne sjå om noko er laga av ein mann eller ei kvinne? undrar Lund.

Ho kjem likevel fram til at publikums informasjonsbehov må fyllast. For mange er samtidskunst uforståeleg nok, og vil ein trekkje publikum må terskelen senkast.

Breiddeutstilling

Utstillinga viser ei breidde både tematisk og formalt. Pipilotti Rist, den internasjonalt mest kjende av utstillarane, er kjend for sine fargerike og leikande videoinstallasjonar der betraktaren i stor grad vert ein del av kunstverket – eller rettare sagt ein del av ei reise.

Unn Fahlstrøm er meir sober i paletten og meir mediespesifikk enn Rist. Her står ein heile tida på utsida verket, som betrakatar, ikkje deltakar. Fahlstrøms Vision_Listen #2 (2008)er det mest uhyggjelege i utstillinga, mykje takke vere tonar frå Arne Nordheims Listen, eit musikkstykke for piano frå 1971. Verket bringer med deg ei kjensle av nært foreståande øydeleggelsar og katastrofe, ja, endatil dommedag.

 

Nathalie Djurbergs animasjonsfilmar for vaksne med menneskelege dyr og dyriske menneske i Uten tittel frå 2008 er både morosame og brutale. Uttrykket er barnleg, men tematikken er ikkje lett. Vold, seksualitet og kjønn er gjennomgåande.

Gerd Tinglums videoar og videoinstallasjonar er meir reine, perseptuelle uttrykk med psykologisk bruk av sterke fargar, nett som i maleria hennar. Tinglum har ein meir vitskapeleg tilnærming til sin kunst, men gitarmusikken som høyrer med røyrer tydeleg kjenslene.

Vibeke Tandbergs fotocollager med seg sjølv i hovudrollen er både elegante og groteske. I serien Bruised, Tears, Ghost (2008) nyttar ho sprittusj og collagelementar for å endre sjølvportretta og tematisere eg-et. 

Vanessa Bairds fem anakronistiske malerier, Seven steps to heaven (1992), hang tidlegare på Soria Moria. Desse er religiøse og seksuelle symboler som engasjert tek for seg velkjende samfunnsproblem. 

Siste bilete i Vanessa Bairds Seven Steps to Heaven-serie (1992). Foto: Silje Brukås

Lotte Konow Lunds teikningar i Victims-serien og videoen The total cycle of psychoanalysis in 7 minutes har eit klart feministisk tilsnitt. Her utforskar ho offerrolla, både den frivillige og den ufrivillige.

Eit bilete i Lotte Konow Lunds Victims-serie. Foto: Silje Brukås

Josefine Lyche er kjend for sine elegante og på eit vis ”nyminimalistiske krystallinstallasjonar”. I Stir heart har ho i større grad omfavna ein orientalsk maksimalisme med installasjonen Lucid dream. 

Meditativt rom

Ei kjensla av einsemd snik seg innpå ein. Rørlege bilde og musikk fyller rommet med liv, men likevel er det som om kvart verk er eit eiga lukka heile med usynlege grenser.

Dei lukkar seg om seg sjølv og står som sterke manifestasjonar av eit indre fylt av uro – nett som eit uroleg hjarte utan forankring. Men så kjem ein inn i Josefine Lyches installasjon Lucid dream (Buddha machine) (2008) og hjartet roar seg, anden vert friare, dei usynlege stengsla forsvinn.

På golvet ligg store, rosa puter med gullduskar som lagar eit svakt rosaskjær i det elles mørke rommet. Frå ein liten glasboks – sjølve Buddha-maskinen – flyt meditativ new age-musikk. Inni boksen er ein liten skjerm som viser psykedeliske mønstre basert på lydimpulsane frå musikken.

– “Lucid dream” er ein drømmetilstand der ein bevisst kan gripe inn i drømmen og kontrollere og bestemme ting, forklarar Lyche, og held fram:

– Min idé var at ein burde gjere det same med livet sitt. Derfor valde et å lage eit meditativt rom som er satt saman av readymades, altså ferdigfabrikerte gjenstandar. Det er samanstellinga av desse som gjer verket. Og verket vert først fullført når det brukas, når nokon sett seg ned på putene og tar til å tenkje.

Rett nok medgir Lyche at ho ikkje praktiserar ideen sjølv, men for mange som tek turen innom Museet for samtidskunst i perioden 23. januar til 18. april vil dette meditative rommet vere av stor verdi. For eitkvart uroleg hjarte.

Tags: