Journalistikkens gravende framtid

Avisane må satse på undersøkende journalistikk for å skilje seg ut i mengda, meiner SKUP-leiar Jens Egil Heftøy.
Mandag, 22 februar, 2010 - 15:28


TV2 har varsla at dei mogligens vil leggje ned Dokument 2 i 2010. Dagbladet legg ned fotoavdelinga. Finanskrisa gikk hardt utover dei fleste redaksjonar og mediehus. Likevel er SKUP-leiar Jens Egil Heftøy optimist på vegne av journalistikken.

– Undersøkande journalistikk kan vere ganske kostbart, det er mykje billigare med “klipp og lim-journalistikk” om kjendisar. Eg trur likevel ikkje det er mulig å tjene pengar på å skrive det samme som alle andre aviser skriv om. Kvifor skal nokon lese f.eks VG om det står akkurat det same i Dagbladet, spør Jens Egil Heftøy.

Heftøy meinar det er viktig at redaksjonar vil investere i undersøkande journalistikk for å skaffe seg lesere.

Stiftelsen for en Kritisk og Undersøkande Presse (SKUP) fyller 20 år i år, og i mars er det duket for å prise det beste av undersøkende journalistikk fra 2009.

Framtidas journalistikk

BI og Institutt for journalistikk la i 2009 fram ein rapport der det kjem fram at fleire av mediehusa satsar på utvikling eller vern av papirutgåva. Undersøkinga avdekker fleire kortsiktige overlevelsesstrategiar, i motsetning til meir langsiktige fleirmediale strategiar. I rapporten blir det spurt; dersom leserane har fått oppfatninga av at det dei får på nett er godt nok, vil dei då vende tilbake til papir når nettet ikkje utviklast meir? Og er prioritering av tydeliggjøring av papiravisa tilstrekkeleg til å bremse flukta frå papir?

Optimisme

Jo Bech-Karlsen er journalist, forfatter og førsteamanuensis i journalistikk ved BI. Bech-Karlsen meinar at den undersøkande journalistikken vil bestå.

– Eg trur at dei større redaksjonane, særleg avisredaksjonane vil satse på undersøkande journalistikk. Det er ein av få måtar som aviser kan markere seg på i forhold til nettavisane.

Karlsen legg til at mange redaktørar dei har intervjua til mediehusrapporten seier det er viktig å skape sine eigne nyheiter og profilere seg på noko spesielt .

–Kravet til kildekritikk og metode har blitt skjerpa opp igjennom åra, bevisstheita om metode og kildekritikk er sterkare enn kva det var for 10 år sidan, og det fører til betre undersøkande journalistikk, seier han.

Tags: