Nynorskbloggar går ut mot Målungdomen

På lista over dei 50 mest populære bloggarane i landet, er berre ein skriven på nynorsk. -Norsk Målungdom er for konservative, meiner toppbloggaren Mariell Øyre (20).
Mandag, 25 oktober, 2010 - 15:36


Nynorskbloggen Hjartesmil er skriven av Mariell Øyre, og ligg som nummer 34 på Blogg.no si offisielle liste over dei mest populære bloggane i landet. Hjartesmil er den einaste nynorskbloggen på lista.

Trass i at Øyre sjølv er ein stor nynorskentusiast, er ho krass i kritikken av sine eigne. Då særleg Norsk Målungdom, som ho meiner er for konservative i språkbruken:

- Målungdomen brukar ein nynorsk som til og med eg har problem med å forstå. Eg skjønar at bokmålsbrukarar kan bli forvirra av det, seier ho.

 

- Gammaldagse

Sjølv prøver Øyre å bruka ein nynorsk som ligg nært hennar eige talemål.
- Eg ynskjer å skriva på ein måte alle kan forstå, og dette har eg fått kritikk av Målungdomen for. Det tok lang tid for meg å overbevisa dei om at eg som bloggar faktisk har ein verdi for dei.

Vidare meiner den unge bloggaren at Norsk Målungdom er for gammaldagse i marknadsføringa av nynorsken, og at dei prioriterer midlane feil.

- Målungdomen burde satsa meir på populærkulturen og på unge og kule nynorskbrukarar. I staden for å bruka store summar på å gi ut eit medlemsblad som berre blir lese av medlemmene, burde dei heller støtta prosjekt med eit breiare publikum, meiner Øyre og legg til:

- Dei burde bli meir opptekne av kva andre vil lesa, enn kva dei sjølve vil lesa. Då trur eg dei hadde kome langt.

 

- Tek feil

Leiar i Norsk Målungdom, Janne-Kristin Svarstad Nygård, meiner Øyre tek feil i sine utsagn og presiserer at Målungdomen er ei samansett og mangfoldig gruppe:

- Dette er nok ein fordom som heng att i frå gammalt av. Sjølv kjem eg frå Jølster og skriv den nynorsken eg har lært på skulen der, og det same gjer dei andre medlemmene i styret. I Målungdomen er alle sidene representerte, og eg meiner vi gjenspeglar nynorsken på ein god måte.

- Øyre meiner de prioriterer pengane feil, og at de brukar for mykje pengar på å produsera eit eige medlemsblad. Kva tenkjer du om det?

- Vi er ein liten organisasjon, og har ikkje all verda med pengar. Eg meiner det er viktig at vi har eit eige medlemsblad som held ein høg standard, seier Nygård.

 

Sosiale medium

Vidare meiner leiaren at Målungdomen er flinke til å nytta seg av sosiale medium.
- Vi brukar både Facebook og Twitter aktivt dersom vi har eit arrangement eller liknande. I tillegg er det viktig for oss å ha privatpersonar som Øyre, som kan gjera ein innsats for språket. Vi har kome langt når privatpersonar kan skriva om vanlege ting på Internett. Det viser at nynorsken kan brukast til alt, seier Nygård.

 

Ambassadør for nynorsken

Øyre kjem opprinneleg frå Årdal i Sogn og Fjordane, ein stad ho sjølv kallar tjukkaste nynorskland. Bloggen Hjartesmil har nærare 3000 unike treff dagleg, og Øyre har difor, friviljug eller ikkje, fått status som nynorskambassadør innad i miljøet. 

- Dette er ikkje ei rolle eg har bedd om, men som eg likar veldig godt. Nærast kvar dag får eg kommentarar frå bokmålsbrukarar som seier at dei tidlegare har hata nynorsk, men har endra syn etter å ha lese bloggen min. Det er sjølvsagt noko eg set pris på, smiler ho.

 

- Opphev nynorskforbodet!

Trass i at ho meiner Norsk Målungdom gjer ein for dårleg jobb med å spreia nynorsken, meiner ho det er viktig å presisera at forholdet ein har til nynorsk handlar om meiningar.
- Det hjelper ikkje om staten set i gong ei rekkje tiltak. Dette handlar om meiningar, og dei kan ikkje bli gitt ovanfrå og ned. Endringane må skje i grasrota, meiner Øyre.

Målungdoms-leiar Nygård meiner ei oppheving av nynorskforbodet i dei største riksavisene som VG, Dagbladet og Aftenposten hadde gjort mykje.
- Det treng ikkje å vera snakk om ei kvote, men om å gi journalistane moglegheit til å bruka nynorsk. Slik kan ein visa at nynorsk ikkje er eit skriftspråk ein må vera sær for å bruka, og det vil bli lettare for bokmålsbrukarar å forstå språket dersom dei les det oftare,  avsluttar ho.

 

Tags: