Munch i snø og is

Arbeidet nærmar seg slutten, og Karl Johan er full av isskulpturar.
Torsdag, 17 februar, 2011 - 14:57


Fleire meter høge isskulpturar pregar no området frå Spikersuppa og opp til Slottsbakken. Skulpturane skal vera ferdige til opningssermonien onsdag og tek utgongspunkt i åtte kjende Munch-måleri.

Heile 500 tonn snø og 45 kubikk is har blitt frakta inn i området rundt Universitetsplassen, der VM-komiteen har bestemd at medaljesermoniane skal føregå.

Men eit slikt arbeid har ikkje blitt gjort på ein-to-tre, og mange krefter har vore i sving den siste veka. Store klumpar av is har prega gatebiletet, og førre veke var det vanskeleg å sjå at desse om kort tid ville bli omgjorde til verdskjende måleri som “Skrik” og “Pikene på broen”. Is har blitt hakka, snø måka. Vinden har blåse kaldt, snøen har lege i lufta. Men det har ikkje sett ut til å plaga dei mange arbeidarane, som mellom anna har kome frå både Canada og Tyskland for å ta del i arbeidet.

Sjå video frå arbeidet her.

Tags: