Fyrste mållagsleiar frå Østfold

Under helgas landsmøte vart Magne Aasbrenn frå Fredrikstad vald til ny leiar i Noregs Mållag. Han er den fyrste leiaren frå Østfold nokon sinne.
Tirsdag, 19 april, 2016 - 14:56


– Eg må seie at eg er stolt, med Østfold-L. Eg har jo halde på med nynorsk og dialekt nesten heile livet mitt. Det var nokre østfoldingar i salen som felte ei tåre. Det er som om me får kome inn i familien, seier Aasbrenn.

Han vart valt til leiar under landsmøtet til Noregs Mållag i helga, som i år vart halde i Bergen.

Fotball er ei av dei andre interessene til Aasbrenn, og han finn det naturleg å samanlikna situasjonen sin med ein fotballkamp.

– Nynorsken har halde på ute på vinga, men no går ballen heilt over på den andre sida av banen der det er ledig plass. Der har eg fått ballen og går mot mål, seier han.

Brenn for dialektane

Aasbrenn er til dagleg lektor ved Frederik II vidaregåande skule i Fredrikstad, og bur dermed langt frå det folk flest ser på som nynorskland. Han har likevel vore nynorskmann i ei årrekke.

– Det byrja med at eg skreiv songar på dialekt. Noko anna som vart avgjerande var faktisk Finn-Erik Vinjes påstand om at han syntest dialekta mellom Sarpsborg og Fredrikstad var den styggeste dialekta i Noreg. Det var faktisk ein direkte grunn til at Østfold Mållag vart stifta. Om ein ser på nynorsken, ser ein jo at systemet er det same som i Østfold-dialekta, seier Aasbrenn.

Det er jo mange østfoldingar som meiner at Østfold-dialekta ligg milevis frå nynorsken. Kva seier du til det?

– Då tykker eg dei skal sjå nøyare på dialekta si: korleis bøyingsmønsteret er, korleis verba er. Uttala av diftongar er litt annleis, men elles er systemet det same, seier han.

Nynorsk i framtida

Sjølv om nynorsken ikkje er særs populær blant dei unge i dag, ser den ferske mållagsleiaren positivt på framtida.

– Eg trur faktisk at bokmål har større utfordringar. For å setja det på spissen, trur eg at den siste millionen som skriv norsk, dei skriv nynorsk. Resten går nok over til engelsk.

Heile styret ser slik ut:

Leiar: Magne Aasbrenn

Nestleiar: Jens Kihl

Styremedlem: Ingrid Fiskaa

Styremedlem: Inger Johanne Sæterbakk

Styremedlem: Inger Vederhus

Styremedlem: Peder Lofsnes Hauge

Vara: Håkon Aase

Vara: Randi Lohndal Frestad

Vara: Birgitta Lim Ersland

Vara: Øyvind Fenne

Tags: