Lemonade-overrasking

Beyoncés nye album kom endeleg ut natt til søndag, og fansen er ikkje skuffa!
Mandag, 25 april, 2016 - 15:51


Beyoncés nyaste album er også eit stort visuelt prosjekt. Lanseringa skjedde natt til søndag norsk tid, rett etter at ein tv-spesial vart sendt på kanalen HBO. Fansen var svært begeistra for endeleg å sjå kva Lemonade var, og har gitt uttrykk for begeistringa si blant anna på twitter og instagram.

“Dammn Beyonce! #Lemonade” sier twitterbrukeren @JeffreyWBroderick om albumet.

Albumet ligg allereie an til å få svært stor suksess, i likheit med singelen Formation. Formation vart og sluppe saman med ein video, og har også eit svært sterkt bodskap i forhold til svartes rettar og politivald.

Sterkt budskap

Den visuelle delen av albumet er laga i seksjonar med titlar som “Ressurection” og “Anger”. Det visuelle inneheld heimevideoar både frå Beyoncés barndom, bryllaupet med Jay Z og frå graviditeten med dottera Blue Ivy. Tennis-stjerna Serena Williams er med, og mødre til svarte ungdommar som har blitt drept av politi i USA er med og held opp bilete av sonane sine.

Sjå kva NRK skriv om Lemonade HER.

Det er tydeleg at Beyoncé kjempar for svartes rettar, og spesielt rettane til svarte kvinner gjennom heile albumet og det visuelle. Den amerikasne borgerrettigheitsforkjemparen Malcolm X har eit talespor med, og det er fleire spanande samarbeid på albumet.

Albumet er diverre berre tilgjengeleg på strømmetenesta Tidal foreløpig.

Tags: