Ein forsiktig stjerneskotsmann

Bjarte Paul Tjøstheim frå Radioresepsjonen har vore mobbeoffer på jobben i fire år. Låra er fulle av nye og gamle skotsår.
Tirsdag, 20 oktober, 2009 - 11:31


Eit nyfrisert hovud på ein kort kropp kikkar ut i gangen i radioresepsjonen på NRK Marienlyst med tunge, vellevde augo.

– Å ja, er det sånn du ordnar besøkslapp? Fy søder, der lærte eg noko nytt. Eg må ha mat først, vil du ha noko? Berre kaffi?

Bjarte Tjøstheim held døra oppe. I den store kantina insisterer han på å betala for alt.

Bedagelig og rastlaus

Bjarte sine næraste vil beskriva han som veldig godt likt, rolig og spandabel. Disse kvalitetane meiner Bjarte han har arva av far sin.

– Man er ein person inni og ein annan utpå. Eg er nok meir rastlaus enn det ein får inntrykk av. Du kan seia at eg er ein bedagelig, utålmodig og rastlaus person.

– Er ikkje det sjølvmotsigande?

– Nei, eg trur det har med alderen å gjera. Eg vil eigentlig at det skal skje minst mulig, samtidig som eg vil ha action. Eg løyser som regel problemet ved å sjå film eller spela playstation, fortel 42-åringen.

Årets Radionavn – igjen

Radioresepsjonen har, i løpet av dei tre og eit halvt åra det har gått på NRK P3, blitt ekstremt populært. Det er for andre gong på rad kåra til Årets Radionavn, med 73 prosent av stemmene.

– Det er heilt fantastisk! Eg blir audmjuk og veldig glad. Den største gleda er jo at det er nokon som liker det me gjer.

– Kva trur du er hemmelegheita bak suksessen til programmet?

– Det er vel at det er noko ekte mellom oss.  Det er gnissingar, men likevel varme. Sjølv om det ikkje er ein tiltenkt balanse. Og om ein av resepsjonistane seier noko kontroversielt, vil dei andre seia imot. Eg er overbevist om at det er difor me slepp unna med alle dei dryge utsegna me har, seier gallionsfiguren frå skuta Radioresepsjonen.

”Brakk” fingrane

Bjarte tenker av og til at han har verdas beste jobb. Å få snakka tull til heile Noreg to timar om dagen, gjer han glad. Men å finna på nye sketsjar og produsera lettbeint underhaldning til kvar dag, er slitsamt. For problemstillingar som om det finst fleire Q-tips i verda enn menneske og om ein kan finna gaupeavføring på jordbær vert av resepsjonistane kalla lettbeint underhaldning. Mange vil kalla det humor. Men Bjarte Tjøstheim meiner han ikkje er morosam.

– Ikkje utan Steinar og Tore. Dei er morosame kvar for seg, men eg er ikkje det. Kanskje eg trur det etter to-tre pils, men eg er ikkje det.

– Korleis er det å vera mobbeoffer?

– Det går greitt. Det byrja eigentleg i radioprogrammet Holger Nilsens Metode. Eg var side-kicken til Steinar. Han ”brakk” til stadigheit fingrane mine. Mobbeofferrollen følgde meg inn i Radioresepsjonen. Det korset må eg bera, seier Bjarte høgtideleg.

Låret fullt av skotsår

To timar fire gonger i veka, kan ein høyra Bjarte Tjøstheim og brørne Steinar og Tore Sagen fortelja om dagen sin, lesa opp dikt, barnebokinnslag og bidrag frå lyttarar. Ein gong i veka gjettar dei på kva ingrediensar som er blitt blanda i blendaren. Sendinga sluttar med at ein eller fleire av resepsjonistane vert skotne med eit softgun-MP5-gevær.

Nesten kvar måndag vurderer gutane i Radioresepsjonen å slutta med å skyta kvarandre. Det er openbart forskjell på hud, for Bjarte er den som har mest blåmerker.

– Eg har framleis brune flekkar frå skot eg fekk for over eit år sidan. Men me kan ikkje slutta no. Då er me jo.. Eh..

– Pyser?

– Pyser, ja, seier Bjarte Tjøstheim. Han drikk Mana-juice med antioksidantar.

Eit døgn med lungekreft

– Er det sant at du er litt hypokonder?

– Håhå, meir enn litt! Eg ringer legen eit par gonger i halvåret for å kontrollera noko eg trur er galt. Det er veldig greitt at ho jobbar her på huset, då kan eg berre stikke nedom. Eg seier til ho at eg er hypokonder, og ho seier eg ikkje er det. Men det seier ho berre for å trøsta meg, insisterer Bjarte.

Då han var rundt 22 år, hadde Bjarte hatt smerter i sida i over fem år. Han fekk til slutt undersøkt det, og då fant legane mørke flekkar på lungene under skanninga. Bjarte fekk stilt diagnosen lungekreft. Han vart mest letta for å ha fått eit svar, og ringte mor si for å fortelja det.

– Ho må jo ha fått sjokk! Dagen etter hadde eg eit møte med legane. Men dei nemnte ikkje lungekreften. Eg måtte spørja kva dei skulle gjera med det. Dei hadde forveksla røntgenbilete. Det var ikkje lungekreft likevel. Men den endelige diagnosen førte til at eg måtte operera inn nyrebekkenet. No i ettertid kan eg ikkje heilt forstå at eg ikkje vart redd.

Den historia der har neppe hjelpt på sjukdomsredsla mi, trur resepsjonisten.

Rakettkrig og kristendom

Bjarte vaks opp på Randaberg utanfor Stavanger. Faren var prest, og Bjarte var med på tensing og i bedehusmiljøet. Det falt han veldig naturleg då, men det kan ha vore mykje på grunn av manglande alternativ.

I helgene var dei kristne ungdommane på bedehuset, medan dei som ikkje var i kristenmiljøet hang på sentrumsbygget. På nyttårsaften sendte dei rakettar mot kvarandre. Folk som kom ut av kyrkja vart skotne på, og kyrkjelyden skaut tilbake. Bjarte var midt i krigssona.

– Men eg var ikkje med og skaut. Eg er nok meir ein forsiktig stjerneskotsmann.

Osloangst

Allereie i 3. klasse på barneskulen var Bjarte skulelei.

– Eg husker faktisk at eg tenkte ”dette kjem til å ta ekstremt lang tid”. Eg var ikkje så veldig skuleflink, men ikkje spesielt dårlig heller.

I 9. klasse vart Bjarte interessert i radio, etter å ha besøkt eit lokalt studio. Etter ungdomsskulen søkte han seg til medielinja ved Solborg folkehøgskole. Han flytta ut heimafrå, sjølv om folkehøgskulen berre var eit par steinkast unna. Der lærte han radiokunsten. Han fekk jobb i Nærradioen Radio Vest, i det same studioet han hadde besøkt i 9. klasse og hatt praksis i på folkehøgskulen. Der vart han i 10 år. Bjarte jobba mykje aleine, og fungerte mest som ein radiosnakkande teknikar. Då han fekk tilbod om å jobba i distriktsavdelinga til P3, var han skikkelig lei, og hadde mest lyst å slutta med radio.

P3 ville nokon år seinare ha Bjarte til Oslo og Holger Nilsens Metode. Han var veldig motvillig. Han treivst godt i Stavanger, og hadde angst for storbyen Oslo. NRK var ein diger monsterbedrift, og Bjarte hadde sikra seg ein muligheit til å koma tilbake til jobben i Stavanger. Det gjorde han aldri.

– Å flytta hit er nok det luraste eg har gjort i heile mitt liv.

Konfliktsky

– Vil du kalla deg sjølv kjendis?

Bjarte kravlar seg opp frå den djuptsunkne sofaposituren. Han sperrer opp augo og ser mest ut som han har fått ei bøtte isvatn over seg.

– Uff nei! Eg kunne aldri ha referert til meg sjølv som kjendis! Det er skikkeleg ute for meg.

Bjarte er redd for at folk skal tru ”det at folk veit kven han er” har gått til hovudet på han. Han vil heller bli oppfatta som audmjuk enn overlegen. Han vil eigentleg ikkje stikka seg ut, samtidig som han gjer det kvar dag. Bjarte er ein mann som vil ha oversikt og tryggleik. Han likar ikkje overraskingar. Han vil absolutt ikkje oppleva noko surpriseparty for seg sjølv, og han vil heller ikkje delta på surpriseparty. Han likar ikkje konseptet. Han likar kontroll, og han må vita kva som skal skje.

Punktligheit er ein dyd. Då internettreparatør var bestilt til leiligheten på Torshov, drog Bjarte eins ærend heim frå jobb for å ta imot. Men reparatøren hadde alt vore der, før den avtalte tida, og han hadde hengt opp lapp på døra. Då vart Bjarte sint.

– Men eg er jo altfor høflig til å seia ifrå. Eg brøler berre litt i leiligheten. Uff, nei, dette høyrest så skrytete ut.

Selektiv latskap

Bjarte meiner han kan bli sint, men lunta er lang, og det skal mykje til før han blir utagerande forbanna. Men han er ekstremt utålmodig på praktisk ”mannearbeid”. Han meiner han får gjenspegla sin udugelegheit i det. Bjarte kan bli sint om han lar seg overtala til å ordna ting han veit han ikkje får til. Det er fordi han absolutt ikkje bryr seg om praktiske ting. Sambuaren Kristin er meir handy. Ho får ting gjort kjapt. Det gjer ikkje Bjarte.

– Så me er på litt ulike planetar sånn sett. Men me er i same solsystem… No laga eg eit vakkert bilete, seier han nøgd.

Men Bjarte meiner han kan reparera playstation, og han trur òg han ville klart å fiksa DVD-spelaren om den slo seg vrang. Det er innretningar han gjerne vil at skal fungera.

– E det selektiv latskap det heter dette her? spør Bjarte på ein østlandifisert stavangerdialekt.

Ville bli psykolog

Bjarte angrar litt på at han aldri tok nokon utdanning. Men det er mest fordi han ville hatt papir på det. Bjarte er bevisst på å kompensera for manglande utdanning ved å lesa mykje kunnskapslitteratur. Og hadde han tatt ein utdanning, ville han mest sannsynleg ikkje vore i P3. Så han bruker ikkje mykje energi på å tenka på det.

Før ville han bli psykolog. Mora jobba som psykiatrisk sjukepleiar, og Bjarte syntest det virka veldig spennande.

– Eg kunne nok tenkt meg det ennå, om eg ikkje skulle drive med radio. Det er veldig spennande med folk sine mørke sider. Og eg kan nok tiltrekka meg folk som synest det er greitt å opna seg for meg. Men det var meir før.

Bjarte passar meir på seg sjølv no. Han kan ikkje ta alt inn over seg. Han er meir selektiv på kva han bruker energi på, han er litt meir egoistisk. Bjarte avslår pent alle invitasjonar til folk-som-folk-veit-kven-er-festar. Han er òg litt restriktiv når pressen av og til banker på døra:

–  Om eg stiller på intervju bør eg ha noko igjen for det sjølv, noko eg vil ha sagt. Er du sikker på at du får noko utav det eg seier? Du må seia frå om eg snakkar for fort.

Emneord: