Sa ja til Snowden trass innskrenka pressefridom
Han overser privat media, og kritiske journalistar blir trakasserte. Likevel innvilga Nicaragua-president Daniel Ortega asyl til Edward Snowden.
Journalistar må trå varsamt når dei omtalar dei styrande og president Ortega, for både ytringsfridom og pressefridom er svært annleis i Nicaragua enn i Noreg. Det fortel Roy Krøvel, professor ved Iinstitutt for journalistikk og mediefag ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Nicaragua-ekspert og tidlegare SAIH-koordinator.
Samstundes som både media og folk i landet ikkje kan prate heilt fritt, var Nicaragua eitt av berre tre land som valde å innvilge asyl til varslaren Edward Snowden.
– Vi har den suverene retten
– Dette er ikkje bra for USA. Det verkar latterleg at ei drivkraft kalt Dei amerikanske sambandsstatane trugar ein gut, 29 år gammal, som berre har hatt mot til å innrømme kva han ser, rettmessig, som mot hans eigen moral, sa Ortega til Ruptly TV i fjor sommar, etter at Bolivia, Venezuela og Nicaragua hadde strekt ut handa til Snowden.
– Vi har den suverene retten til å hjelpe ein person som følte anger etter å ha funne ut korleis USA brukte teknologi til å spionere på heile verda og då spesielt på sine allierte i Europa, sa president Ortega etter at asylsøknaden hadde kome til Nicaragua, ifølgje Fox News.
Snowden var tidlegare IT-tilsett i Booz Allen Hamilton, med nære band til amerikansk etterretning. I mai 2013 blei han verdskjend over natta etter å ha lekka omfattande dokument som avslørte amerikansk overvaking.
Snowden hadde flykta til Hong Kong før mellom andre The Guardian, New York Times, Le Monde og Der Spiegel publiserte lekkasjane. Seinare blei han innvilga mellombels asyl i Russland.
For å plage USA?
Pardokset mellom innskrenka ytringsfridom og Snowden-ja, overraskar ikkje Krøvel.
– Det er heilt politisk logisk. Formelt sett er president Ortega framleis ein radikal sosialist, og det som kan plage USA er han i utgangspunktet veldig for, fortel Nicaragua-eksperten.
Han viser til at Venezuela og Bolivia, med sine leiarar, er i same stille.
– Leiarane i desse landa har eit radikalt syn på ytringsfridom som skiljer seg frå vårt. Presseindikatorane, som vi bruker for å sjå på pressefridom, tek ofte utgangspunkt i de registrerte journalistane, og kor fritt det er for dei, seier Krøvel.
Han meiner leiarane og ein stor del av folket i Nicaragua, Venezuela og Bolivia, ser på desse indikatorane som uinteressante.
– Dei seier det fordi det berre er rikfolk som har råd til å halde seg med journalistar og som då seier det eigarane vil seie. Leiarane er veldig populære, og dei ristar litt i desse få, svært rike familiane som eig landa, meiner Krøvel.
Han fortel at Ortega i Nicaragua vil få til ytringsfridom og pressefridom på ein annan måte.
– Dei vil omfordele ressursar og byggje ned monopol. Når folk har fått ressrusar etter skulegang, så ser ein meir pressefridom. Dei har innført nye presselover som blir kritisert frå høgreliberale tenketankar i USA og Europa, men som blir positivt tekne imot av fattige i landa, seier Krøvel.
– Dei fattige i Venezuela, Ecuador og Nicaragua er positivt innstilt. Eg kan seie at Ortega er ein dritsek, men over 60 prosent av nicaraguanarane synest han er ein fin fyr, seier Krøvel.