Nynorskdebatt herjar Vestlandet

Debattane handlar om administrasjonsspråk i det nye storfylke og kor mykje nynorsk Bergens Tidene skal nytte.

Skilt med teksten "Meir nynorsk" frå stand med Noregs Mållag.

Noregs Mållag sine sider kan ein lese om intensjonsavtala til den nye vestlandsregionen som skal bestå av Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Den siste tida har det vore store debattar rundt mange aspekt av denne intensjonsavtala, blant anna om den nye regionen skal nytte nynorsk som administrasjonsmål.

Magne Aasbrenn engasjerer seg for nynorsk på Vetslandet. Foto: Noregs Mållag

I saka har Noregs Mållag engasjert seg stort, og dei meiner sjølvsagt at nynorsk burde vere administrasjonsspråk i det nye storfylket. Magne Aasbrenn, leiar i mållaget, fortel om korleis dei prøvar å engasjere lokallaga i debatten.

- I Hordaland åleine har me ca. 30 lokallag, og me oppmodar desse til å anten skrive sjølv, eller oppmode andre til å skrive gode debattinnlegg for dei, seier han.

Positiv debatt

Aasbrenn meiner, sett utanfrå, at bergensarane har eit meir positivt syn på nynorsk enn venta. Dette grunnar han i at byrådet i Bergen har gått inn for nynorsk som administrasjonsspråk, noko nettstaden Framtida.no bekreftar.

- Me i mållaget er veldig glade for at mykje av debatten har vore positiv til nynorsk, fortel Aasbrenn.

Vestlandets største avis tar ansvar

Men det er ikkje berre i politikken det har vore spørsmål om nynorsk den siste tida. Også i vestlandets største avis, Bergens Tidende, har debatten rundt målforma herja. Det heile starta 31. oktober då Peder Lofnes Hauge, styremedlem i Noregs Mållag, skreiv eit lesarinnlegg i avisa. Han skreiv blant anna at BT ikkje kan ta seg råd til å nedprioritere nynorsken. Han er likevel tydeleg på at BT har ein språkpolitikk som fortenar skryt.

- Mitt mål med lesarinnlegget var å oppmode avisa til å nytte nynorsk endå oftare, fortel Hauge.

Han er også tydeleg på kvifor det er viktig at akkurat BT nyttar nynorsk.

- For det første er avisa ein viktig tekstprodusent. Mange les avisa og får inn språket gjennom artiklane. I tillegg er avisa viktig som institusjon, og dei har alle forutsetnader for å framstå som språkleg rollemodell.

Liberal språkpolitikk

I sitt eige svar til Hauge, skriv sjefsredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes, at nynorsk er ein viktig del av avisa.

- Nynorsk er kultur, historie, tradisjon og ikkje minst identitet på Vestlandet. Derfor er nynorsk også ein naturleg del av Bergens Tidende, skriv han i innlegget 2. november i år.

Han skriv også om språkpolitikken i avisa, som går ut på at journalistane sjølv vel kva målform dei skriv på.

- BT er ei liberal avis, og vil ikkje bruke tvang. Det treng heller ikkje nynorsken i Bergens Tidende, skriv han.

 

 

 

 

Stikkord