Hyllet bloggarane

19. januar var det tid for utdeling av Vixen Blog Awards 2016. Dette er ein pris som hyller bloggarane i landet.

Illustrasjonsfoto. Vixen blog awards på pc-skjerm. Foto: Hanne Mjelstad

Prisane er fordelt ut over fleire kategoriar, blant anna årets nykommer, årets moteblogg, årets livstilsblogg og årets bloggar. Desse kategoriane er det ein jury som bestemmer kven som vinner. Juryen består av fire personar, som alle jobbar innanfor kommunikasjon, media og liknande.

I tillegg kan ein som lesar vere med på å stemme fram Folkets favoritt, der ein først kunne nominere bloggar, før juryen har plukke ut finalistane. Folkets favoritt 2015 gjekk til den populære bloggaren Sophie Elise, som er finalist i kategorien også i år.