Snart er 292 nye studentbustader klare
Oda Karoline Skjei har vore på venteliste for å få studenthybel i Oslo sidan mai. Innan årsskiftet er ho ein av dei som får flytte inn i nye eittromsleilegheiter på Kringsjå studentby.
- Eg gler meg veldig vil å flytte dit, seier Oda Karoline Skjei.
Studenten frå Steinkjer flytte heimefrå for første gong i haust for å studere farmasi ved Høgskulen i Oslo og Akershus. Då ho ikkje hadde fått svar på søknaden om studentbustad, måtte ho og faren reise til Oslo for å gå på private visningar like før studiestart.
- Det var vanskeleg å finne ein stad å bu. Eg kontakta mange kollektiv, men det var veldig mange andre som også var interesserte, fortel Skjei, som no bur i eit kollektiv som ho delar med seks andre personar. I november flyttar ho til Kringsjå studentby.
- Det er eit stykke utanfor sentrum, men så er det til gjengeld nær marka, seier Skjei.
På utstilling
Onsdag var det visning av ein prototype av korleis dei nye bustadane kan komme til å sjå ut. To av dei som møtte var Sean Bråthen, som alt har signert kontrakt, og Kittaya Nakprasert.
- Eg har lyst til å søke. Det spørs kor godt eg likar leiligheita, seier Kittaya på veg inn i brakka med prototypen som SiO har sett opp i studentbyen.
Sjå bilete av prototypen nederst i saka
Framleis lange ventelister
- Rundt 160 har allereie skrive kontrakt og flere tilbod er ute. Så dei som ønskjer ein av desse boligane må vere raske med å søke, seier direktør i SiO bolig, Trond Bakke.
Ved studiestart var det 6.622 personar på venteliste for å få studentbustad i Oslo og Akershus. Bakke seier at dei jobbar med å få på plass så mange nye studentbustader som mogleg, men at det nok kjem til å bli lange ventelister også neste semesterstart.
- SiO vil ha ca 400 fleire bustader hausten 2018 enn det vi har i år, men det monnar jo dessverre ikkje så mykje. SiO har planer om vel 3000 nye bustader før 2020/2021, så vi jobbar på spreng med å kunne tilby endå flerie bustader i åra som kjem, fortel Bakke.
- Vi ventar framleis mange på venteliste hausten 2018 dessverre, men vårt råd er å søkje tidleg. Det betrar moglegheita for å få bustad hos oss, seier han.
Skuffa over budsjettforslag
Oslo og Akershus er området der flest er i kø for å få bustad. I statsbudsjettet for 2018 er det foreslått å gi tilskot til 2.200 nye studentbustader nasjonalt, 300 færre enn i år. Leiar i Norges studentorganisasjon (NSO), Mats Johansen Beldo, meiner det ikkje er nok for å dekkje behovet.
- To veker ut i semesteret etter studiestart viste studentbustadundersøkelsen til NSO at det var over 10.000 studentar som stod i bustadkø hos samskipnadane. Det er skremmende at så mange framleis er usikre kvar dei skal bu to veker etter studia deira har starta. Fokuset til alle studentane burde vere på undervisninga og ikkje på bustadjakta, seier han.
NSO meiner at det bør ligge inne tilskot til 3.000 nye bustader i statsbudsjettet.
- Det har frå regjeringa si side vore tildelt tilskot til rekordmange studentbustader, men køtala viser likevel at behovet framleis er stort, seier han.
- Vi fryktar at det er studentar som droppar ut av studia sine fordi dei ikkje finn ein stad å bu som dei har råd til å betale for. Studentane i Noreg forventar at stortinget no legg fokus på at det i statsbudsjettet kjem nye 3.000 studentbustader når det skal vedtakast før jul og ikkje kun dei 2.200 som regjeringa har foreslått, fortel NSO-leiaren.