Globaliseringskonferansen Makt og avmakt
Over helga fekk interesserte frå heile Noreg, og verda, oppleve det friske haustvêret Oslo har å by på. Til tross for vindkast utover dagen, summa det jamnt i, og utanfor Jakobskyrkja der den semi-årlege Globaliseringskonferansen vert haldt.
Den hovudsakleg venstrevendte konferansen er blitt arrangert 12 gongar, med oppstart ved milleniumsskiftet, og har i hovudsak teke opp prolemstillingar rundt marknadsmakt og kapitalisme. Temaet, makt, vart diskutert i plenum og i private møter, med førelesarar som rangerte frå professorar i historie til representantar frå religiøse-, politiske-, og andre ideelle organisasjonar.
– Me hadde jo mange interessante og spanande gjester i år, men min favoritt var nok Vandana Shiva, ho går reitt inn i hovudtemaet i år, då ho snakka om makt, feminisme, primærnæringa, og småbondar, fortel Are Einari Björklund Skau, styreleiar av Norges sosiale forum, som står som arrangør av konferansen.
Med dags- eller helgepass kunne deltakarar få med seg føredrag frå blant anna Knut Nærum og øverlevarar etter det spanske Franco-regimet. Interesserte kunne òg få med seg ei rekkje filmvisningar, konsertar, og ande kulturelle innslag, både i, og utanfor kyrkja.