Reagerer på kutt i stønad til glutenintolerante
I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2019, er det kutta drastisk i støtta til glutenintolerante. Dette skaper reaksjonar hos dei berørte.
Reaksjonane lot ikkje vente på seg etter at forslaget til statsbudsjettet for 2019 vart lagt fram. Generalsekretær i Norsk cøliakiforening, Knut H. Peterson, er ikkje tilfreds. Heller ikkje Gunhild Tveiten, som har cøliaki, er fornøgd med det drastiske kuttet. Saka kan du høyre under.