Ikkje noko strikkepress

Fredag 23. november haldt Oslo-forbundet arrangementet "Strikk, drikk og salmer". Leiar i lokallaget, Marte Holm Simonsen, trur dei har vore inspirert av amerikanske trenden "Stitch´n Bitch".

Strikk, drikk, salmer

Karen Helene Bøhn Melhus er ein av deltakarane på arrangementet. Ho fortel at ho og mannen, Rasmus Bolstad Rustad, går på Oslo-forbundet sine arrangement så ofte dei kan.

– Det er jo det at ein kjenner folk frå ulike samanhengar, også er jo det ein ganske uformell stad å treffast kor ein kan prate saman og ha det hyggelig. Ja, også blir ein jo kjend med nye, då, fortel Bøhn Melhus.

Det er leiar i lokallaget, Marte Holm Simonsen, som står bak arrangementet.