Bustadhandelen blir fullstendig digitalisert
Både bustadkjøparar og -seljarar får no ein forenkla og meir effektiv eigedomshandel.
No er det mogleg for bankar og eigedomsmeklarar å ha ein heildigital eigedomshandel, har regjeringa bestemt. Over ti år vil det spare den private marknaden for 2,8 milliardar kroner. Det vil også forenkle prosessen.
– Det betyr blant anna at bustadkjøpar og seljar ikkje treng å møte opp på kontraktsmøte. Seljar får raskare oppgjer og kjøpar slepp mellomfinansiering. Det er digitalisering og forenkling på sitt beste, seier digitaliseringsminister Nikolai Astrup i Regjeringa si pressemelding.