No endrast flypassasjeravgifta

Frå 1. april blir avgifta noko redusert for reiser i Europa, medan den meir enn doblast for reiser utanom Europa.

Finansdepartementet bestemte 14. mars at endringa skulle gjelde allereie frå neste månad. Medan dagens avgift har vore på 84 kroner, blir no avgifta senka til 75 kroner for reiser i Europa, samstundes som den aukar til 200 kroner for alle andre flygingar. Reisande må då betale dette tillegget per billett.

Flypassasjeravgifta vart innført i 2016 og var den gong på 80 kroner.

Stikkord