380 millionar til havforskning
42 nye prosjekt innanfor fiskeri og havbruk får støtte frå Forskningsrådet.
Forskar- og innovasjonsprosjekta byrjar i 2020 og skal utvikle kunnskap og løysingar som sikrar eit reint og rikt hav i framtida. Prosjekta vil leggje grunnlag for ein bærekraftig havforvaltning og bidra til at nye næringsmoglegheiter skal formast.
– Vi ynskjer å bidra med nye og gode løysingar til dei internasjonale havspørsmåla. Havforsking er heilt avgjerande for at Noreg skal vere leiande innan dette feltet, seier fiskeri- og sjømatminister Geir-Inge Sivertsen i ei pressemelding.
Blå vekst gjennom grøn omstilling
– Innsatsen skal leie til blå vekst gjennom grøn omstilling. Kunnskap om hav, kystsona og dei marine ressursane blir stadig viktigare for at vi skal ha ein bærekraftig fiskeri- og havbruksnæring, seier administrerande direktør i Forskningsrådet John-Arne Røttingen.
Laksesmolt - smolt
Smolt er lakseungar som er klare for å gå frå ferskvatn til saltvatn. Dei er ein til seks år gamle, er sølvblanke og har ei lengd på 12-20 cm.
Les meir her.
Eit av prosjekta ser på ulike oppfatningar om kongekrabbe og snøkrabbe. Eit av måla med prosjekta er å forske på korleis ein kan forvalte og tilpasse økosystem for dei artane på best mogleg måte.
Eit anna innovasjonsprosjekt undersøkjar tydinga av symjetrening i produksjonen av laksesmolt. Tidlegare forsking vis at smolt som går i kar med auka vasshastigheit har betre tilvekst, lågare fôrfaktor og redusert dødstal enn annan laks.
Oversikta over alle prosjekta som har fått støtte finn du her.