LHBTI-forkjempar får fredspris
Studentgruppa METU LGBTI+ Solidarity er kåra til vinnar av studentanes fredspris.
Solidarity vart kåra til den tolvte vinnaren av studentanes fredspirs i Trondheim i går kveld. Studentorganisasjonen er frå Middle East Technical University (METU) i Ankara, Tyrkia.
– Solidarity vann prisen for sitt arbeid for likestilling, openheit og eit fargerikt campus som legger til rette for skeive studentar, står det i pressemeldinga frå studentanes fredspris.
Gruppa har kjempa for LHBTI rettar sidan 1996 og har fått internasjonal merksemd på grunn av sine møter og Pride-markeringar.
Kamp for menneskerettar
Studentanes fredspris har blitt delt ut annakvart år sidan 1999, under ISFiT, Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim.
– Prisen deles ut til ein student eller studentorganisasjon som har jobba særleg for fred, demokrati og menneskerettar, forklarar leiar av studentanes fredspris, Thomas Gjedebo.
Alle studentar og studentorganisasjonar i heile verda kan bli nominert. Prisen er eit samarbeid mellom SAIH (Studentanes og Akademikarens Internasjonale Hjelpefond), NSO (Norsk studentorganisasjon) og Sekretariatet for Studentanes Fredspris.
Årets vinnar, Solidarity, jobbar for å minske ekskludering og diskriminering mot skeive på campus. Christian Borch, medlem i Fredspriskomitéen 2020-2021 seier dette om vinnaren:
– Det er ein fredsprisvinner som blir valt på grunn av sin utrettelige innsats for menneskerettane under omstende som blir stadig verre.
Studentanes fredspris håpar prisen vil hjelpe gruppa å bli meir anerkjend. Dei har også som mål å synliggjera unge fredsaktivister sitt arbeid.
Kunngjering flytta frå Oslo
Kunngjeringa 15.oktober skulle originalt vore heldt på Litteraturhuset i Oslo, men vart flytta til Trondheim.
– Avgjerda om å flytte arrangementet gjekk på smittevern. Me ville ikkje sende eit stort apparat til Oslo og så tilbake til Trondheim med fare for å spreie smitte, seier Gjedebo.
Han legg til at ein stor del av flyttinga også vart gjort på grunn av usikre smitteverns tiltak i Oslo. Dette ville ført tilt til svært uforutsigbar planlegging.
I staden vart kunngjeringa heldt i Storsalen på Studentersamfundet i Trondhjem. Kunngjeringa var utan publikum på grunn av usikker smittesituasjon også i Trondheim, men den vart streama.
Vinnar på Norgesturne
– Kva betyr det å vinne studentanes fredspris?
– Det betyr at me forpliktar oss til å fremme deira sak, og vil jobbe for å gje dei anerkjenning og merksemd for deira arbeid, seier leiar av studentanes fredspris.
I tillegg til at vinnaren mottar 50 000 kr forklarar Gjedebo at dei vil ha utstillingar om saka og også ta med vinnaren på Norgesturne i februar.
– Vinnaren blir invitert til Norge for å møte studentar, samt politikarar og organisasjonar. Turneen går over heile landet og blir avslutta med fredsprisseremonien 14. februar i Olavshallen i Trondheim, skriv studentanes fredspris i pressemeldinga.
Gjedebo håpar turneen kan gjennomførast men seier dei følgjer nøye med på smittesituasjonen og retningslinjer, og vil tilpasse seg etter det.