Visste du at turklær kan pantast?
Bergans og Stormberg har hatt panteordning for turklær i fleire år, og håper fleire kan få auga opp for tilbodet.
–Me har merka at det er ein kjempeinteresse for friluftsliv på salet, seier bærekraftsansvarlig for Bergans Yngvill Ofstad.
På grunn av Norgessommaren og lite utanlandsreise har salet på turklær skutt i været, men Ofstad ser mange endå ikkje har fått auga opp for panteordninga.
Også kommunikasjonssjef i Stormberg, Ida Kristine Moe, fortell dei ikkje har merka noko auke i pantinga sjølv om salet har vore stort, men ho håpar det kan kome på sikt.
–Det vil være naturlig å anta at bruken av panteordninga vil auke i takt med at fleire bruker turtøy og går på tur, seier Moe.
Ho legg til at ho trur mange som tildiegare panta velg nå å benytte seg av bruktbutikken først, etter den vart lansert i vår.
Pantelapp og pantepose
–Korleis verker panteordninga?
–Brukt Stormbergtøy kan leverast i alle våre butikkar og du vil få en pantelapp når du leverer inn brukt turtøy, seier Moe.
Ho forklarar at panteverdien på klæra varierer, avhengig av kva slags plagg det er.
–Eg trur også det er mange som tenker at de ikkje kan levere tilbake tøy som er øydelagt, men det kan dei, legg Moe til.
Hos Bergans kan ein bestille pantepose på nett, og fylle den med brukte turklær for så å sende den tilbake.
–Du kan levere alle typar merker inn, og om det ikkje er Bergans blir det levert til UFF som sel det vidare, seier Ofstad om Bergnas sitt tilbod.
Panteklærs skjebne
Stormberg får inn omtrent 1000 plagg i månaden gjennom panteordninga, og Bergans har sendt ut 700 panteposer dei to siste vekene gjennom ein kampanje. Begge merker forteller dei får inn mykje fine klær gjennom panteordninga, som dei bruker på ulike måtar.
–Er det småfeil kan systua reparer det så sel me det vidare brukt. Dersom klæra er heilt øydelagt prøver me å lage redesign produkt, seier Ofstad.
Dei panta Stormberg klæra går til Fretex eller Røde Kors Sverige som sorterer gjennom dei. Klæra blir så selt vidare brukt.
–Fretex oppgjer at ca. 70 % av alt tøy de mottar går til gjenbruk. 25 % går til materialgjenvinning, seier Moe.
Også hos Bergnas blir det meste selt brukt att, noko som er svært populært hos kundane.
-Bruktsalet er veldig populært. Her kan folk gjere gode kupp, noko me ser dei liker fordi turutstyr er ofte kostbart. Me må fylle på regelmessig på bruktstativet, seier Ofstad.
Bærekraft for tekstil
Både Ofstad og Moe er opptatt av desse ordningane for å gje turklær lengre levetid.
–Målet vårt er at alt tøy som produserast kan få lengst mulig levetid og til slutt bli resirkulert på ein god måte, seier Moe.
Ho har sett det har blitt meir fokus på dette dei siste åra, og at kundane er svært positive til panteordninga.
–Me ser at folk sakte men sikkert endrar kjøpevaner, og me føler det er eit del av vårt ansvar å legge til rette for å endre det altfor høge forbruket, seier Ofstad.