Jul i Vinterland blir annleis enn tidlegare
For å ta omsyn til smittevernreglane blir Jul i Vinterland betrakteleg mindre i år. Men arrangørane håpar og trur at folk vil ta turen likevel.
I år er sikkerheita og helsa til alle dei besøkande og tilsette ekstra viktig når Jul i Vinterland skal arrangerast. I fleire månader har arrangørane jobba iherdig med smitteverntiltak, og å finne alternative løysingar for å kunne arrangere på ein god og forsvarleg måte.
– Området vert redusert med heile nitti prosent og absolutt alle tradisjonelle utsalsbodar, arrangement- og underhaldningselement skal utelatast i år for å unngå trengsel, fortel Aasmund Lund, pressekontakt for Jul i Vinterland over e-post til Journalen.
Lund legg også til at dei til ei kvar tid vil innrette seg etter dei gjeldande retningslinjene, i tråd med myndigheitene sine smittevernkrav.
Trur folk kjem
For å redusere store køar og forsamlingar blir det i år ingen salgsbodar i handlegatene. Det vil heller ikkje vere utsalg og smaksprøvar som tidlegare år, og det meste av serveringa vil skje ved borda. Men til tross for smittesituasjonen trur Lund folk kjem til å reise på marknaden.
– Me håpar og trur at Jul i Vinterland vil vere eit kjærkomme tilbud for Oslo sine innbyggjarar og tilreisande i år også. Jul i Vinterland har alltid handla om å bringe familie og venner saman i eit trygt, magisk og fortryllande univers for å feire høgtida, seier Lund.
Fleire andre julemarknader rundt om i landet har valt å avlyse på grunn av den auka smitten i landet. Blant anna julemarknaden på Festplassen i Bergen. Allereie i sommar fastlo Bergen Julemarked AS at julemarknaden ikkje kunne arrangerast på ein trygg måte, i følgje NRK Vestland og Dagbladet.
Opnar som planlagt
Per dags dato trur ikkje Lund det er nokon grunn til å tru at dei ikkje opnar portane som planlagt 14. november.
– Sjølv om det vil bli eit noko annleis Jul i Vinterland enn det gjestane våre er vane med, kan me love å gjere vårt ytste for å bringe litt etterlengta julestemning til hovedstaden, avsluttar Lund.